Lastebil utfor vegen i Vanylven

  • Frakta vekk i ambulanse

    Føraren av ein lastebil som køyrde av vegen mellom Syvde og Syvdsnes i Vanylen kommune er køyrt til sjukehus i ambulanse. Det opplyser politiet. Vegen er opna att etter at den blei stengd då bilen køyrde av vegen.

  • Lastebil sperrar vegen

    Ein lastebil lasta med grus har køyrt utfor vegen i mellom Syvde og Syvdsnes i Vanlyven kommune. Bilen var lasta med grus som ligg utover vegbana. Naudetatane er på staden. Politiet opplyser at skadeomfanget er ukjent. Vegen er stengt.