Hopp til innhold

Lastebåt på grunn i Herøy

Ein lastebåt har gått på grunn utanfor Leinøya i Herøy. Båten kan bli ståande i mange timar, for å vente på flo sjø.

Frakt Fjord

Denne båten gjekk på grunn utanfor Herøy i morgontimane laurdag.

Foto: Per-Hallstein Dahle

Lastebåten «Frakt Fjord» har gått på grunn utanfor Leinøya i Herøy kommune. Det blei meldt til Hovudredningssentralen i 7.30-tida laurdag morgon.

Kan bli ståande i timevis

Redningsleiar Edvard Middelthon ved Hovudredningssentralen seier båten kan bli ståande i timevis.

– Båten står godt på grunn, og det er ikkje venta flo igjen før klokka 18, så han blir nok ståande i sju-åtte timar, seier Middelthon.

Ingen personar i fare

Ifølgje Hovudredningssentralen er det åtte personar om bord, ingen av dei er skadde. Det er ikkje registrert lekkasje, og det 90 meter lange lasteskipet tek ikkje inn vatn. Emmy Dyvi arbeider no på staden, saman med eigaren.

– Det er ingen som er i livsfare, så vi har i grunn avslutta vårt arbeide, og har overlate til eigaren og kystverket å løyse saka, seier Middelthon.

Båt på grunn utanfor Herøy

Båten har gått på grunn utanfor Leinøya i Herøy kommune.