Larvene som låg i store mengder oppå isen og snøen er myrstankelbein-larvar. Dei blir også kalla langfoting eller langfotkongler - desse insekta med lange bein og små, tynne kroppar som svirrar rundt og kan vere ei plage fordi dei trekkjer mot lyset og kjem inn så snart ei dør eller eit vindauge står ope.
Larvene lever i jorda før dei går over til neste stadium, som altså er eit flygande insekt. I periodar med så mykje nedbør at jorda blir heilt vasstrekt, blir dei tvinga til overflata for å få luft. Det er sjeldan ein ser dei i slike mengder som her, og sjansane deira til å overleve når jorda er dekt av snø og is, er ikkje særleg store.