Hopp til innhold

Lanserer nye teikningar av gondolen

Romsdalen AS har gitt ut nye teikningar av den nye fjellstasjonen og restauranten som høyrer til den planlagde gondolbana på Åndalsnes. Ifølgje selskapet skal Romsdalsgondolen skal stå ferdig 28. mai 2021 og har ei kostnadsramme på 280 millionar kroner. Anlegget er plassert på ei naturleg hylle i terrenget rett under toppen av fjellet Nesaksla, og restaurantbygget vil ha 300 sitteplassar med servering, toalett og kiosk. Det vil òg vere eit utandørs atrium for til dømes konsertar eller teater. Ein stor del av bygningane vil bli sett opp med ferdigbygde modular i tre som blir frakta med helikopter, ifølgje Romsdalen AS. Installasjonane skal vere reversible og stå på pilarar som blir bora ned i fjellet. Utbyggaren hevdar altså at det er mogleg å fjerne anlegget i framtida. Prosjektet har vore omstridd, men blei vedteke i november i fjor.

Gondolen på Åndalsnes.
Foto: Jensen & Skodvin Arkitektkontor AS
Romsdalen AS har gitt ut nye teikningar av korleis gondolanlegget i Rauma vil bli. Det er Jensen & Skodvin Arkitektkontor AS som har teikna det.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL