Vigra-Kastrup
Administrerande direktør i Islandsbanki Norge, Frank Reite, meiner ei direkterute frå Vigra til København er å foretrekke.
Frank Reite Foto:Alf-Jørgen Tyssing
Men distrikt- og salssjef i SAS-Braathens her i fylket, Kjell Slinning, meiner det ikkje er nok passasjergrunnlag til ei slik rute.
Kjell Slinning Foto:Brede Rødsjø
Vigra hovudflyplass
Utspelet frå Ålesundsordførar Arve Tonning i går, om at ein må prioritere flyplassen på Vigra framfor dei tre andre flyplassane i fylket får sterk motbør.
Ordførarkollegaene i Molde og Kristiansund meiner Tonning er urealistisk.
Ifølgje Dagfinn Ripnes i Kristiansund seier det seg sjølv at Kvernberget flyplass vil vokse på grunn av olje og gassutbygging.
Jan Petter Hammerø seier det er ein styrke her i fylket at ein har fire veldrivne flyplassar.