Hopp til innhold

Langfjorden slo Blindheim

Langfjorden frå Rauma vann jenter 16-finalen i Norway Cup. Dei slo Blindheim frå Ålesund med 1-0. Lagkaptein Guro Dahle avgjorde på eit direkte frispark på minutt før slutt. Det var svært vanskelege forhold under finalen, med regn og mykje vatn på bana. Kampen blei også stoppa ei lita stund på grunn av lyn og torever.