Langevågsbåten framleis innstilt

Hurtigbåten mellom Ålesund og Langevåg er framleis innstilt. Båtsambandet har ikkje vore i trafikk i heile dag, og blei innstilt i dag tidleg etter det som reiarlaget kallar «driftsmessige utfordringar». Det blir sett opp buss til same avgangstider som båten ville ha hatt. Men reiarlaget gjer merksam på at bussen tek lenger tid og har dårlegare kapasitet enn det hurtigbåten har. Boreal melder no at første avgang frå Langevåg blir klokka 15.00 Ut dagen vil ruta bli utført med «Geirangerfjord II». Fartøyet har same kapasitet som «Nørvøy» og vil følgje oppsett ruteplan.

Langevågsbåten
Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Flere nyheter fra Møre og Romsdal