– Innover mot sentrum har me hatt problem med trafikken, seier politiet sin representant under arrangementet The Tall Ships’ Races, Frode Haugen til NRK.
Han er leiar for komiteen for transport, logistikk og IT under The Tall Ships’ Races i Ålesund, og han opplyser at det truleg må settast inn tiltak i Storgata og Løvenvoldgata.
– Der er det veldig stor trafikk opp og ned, og det spørst om me frå i morgon av må sette ut trafikkvakter som regulerer trafikken der, seier han.
Fleire årsaker
Under The Tall Ships’ Races er køyremønsteret i Ålesund endra, og delar av byen er stengt av. Frode Haugen seier det er fleire årsaker til at trafikken står.
– Ein av dei er at folk ikkje følgjer skiltinga, og dei køyrer mot køyreretninga i einvegskøyring, seier han.
Mange ignorerer blant anna at innkøyring er forbode på sydgåande retning i Storgata.
– Dei køyrer overalt dei har køyrt før, og det kan ein ikkje gjere om ein skal få dette til å henge i hop.
– Må følgje skiltinga
Haugen oppmodar sjåførar om å følgje skiltinga og endringane i køyremønsteret.
– Dei må følgje skiltinga, og svinge av ved Nørvasundet, køyre av ved Color Line Stadion, og køyre Borgundvegen utover, seier han.
– Dei kjem seg ikkje lenger enn til Meierikaia om dei følgjer vidare utover. Dei kjem seg ut til flyplassen og Ellingsøya, men dei kjem seg ikkje ut til sentrum, seier han.