Hopp til innhold

Lange køar i eitt år til

Det vil framleis vere lange køar på ferjesambandet Festøya-Solevågen. Vegvesenet prioriterer ikkje større ferje før neste år.

Kø.
Foto: Arne Brommeland / NRK

- Dette er en uhaldbar situasjon, seier næringssjefen i Ørsta Olav Aambøe.

Kraftig vekst

Ferjsambandet har hatt ein kraftig vekst også i år. Fram til april var veksten i trafikken på opp mot ni prosent.

I perioden januar til og med april var det vel 3.200 bilar som sto att. Dette er ein tredel av alle bilar som ikkje fekk vere med ferjene her i fylket.

- Dette påfører næringslivet langs heile kysten store tap, seier Aambø.

- For defensivt

Det er Vegvesenet som bestiller tenestenene med ferjeselskapa og dermed betalar for ein større kapasitet.

Også leiar i samferdselsutvalet i fylket, Iver Nordseth, meiner Vegvesenet er for defensive, når dei ikkje prioriterer å auke kapasiteten.

Nordseth viser også til at det er fleire ledige ferjer lengre sør på kysten som kan leigast inn. Men desse har ikkje Vegvesenet råd til å leige inn, seier rådgivar i Vegvesenet, Synnøve Sørflaten.

- Vi har ikkje rammer til å betale det det kostar å leige inn dei ferjene, seier ho.