Politiet fekk melding om ulykka i sju-tida, og då var det to bilar som hadde frontkollidert.
Omlag samtidig, og omlag på same stad, har det også vore ein viltpåkøyrsel.
Ulykka skjedde ved Mordal, på fylkesveg 662, på strekninga Hollingsholmen-Moldegård.
Det var ein person i kvar av dei to bilane som frontkolliderte, men ifølge politet såg det ikkje ut til at det blei alvorlege personskadar. Dei to førarane var begge medvitne etter ulykka. Bilane fekk til dels store skadar.
Vegen blei stengt med det same, og brannvesenet måtte rydde på staden. I tillegg må ein rekne med at vegen vil vere delvis stengt så lenge bilberginga pågår.
Ein times tid etter ulykka blei eit felt opna og køane starta å løyse seg opp.
Bilberginga er i gang ved Mordal, og trafikken går sakte forbi.
Foto: Roar Strøm / NRKLike før 0930 vart vegen opna heilt igjen.