NRK Meny
Normal

Lange fengselstraffer for valdtekt

To menn er dømde til seks år og sju år og seks månaders fengsel for ein valdtekt i Ålesund i romjula 2012.

Rettssak Sunnmøre tingrett

Begge dei to tiltalte vart dømde for valdtekt. Biletet er frå rettssaka i Ålesund tidlegare i juli.

Foto: Åge Andre Breivik / NRK

Dei to må også betale kroner 150.000 kvar i erstatning til den fornærma kvinna.

Aktor bad i retten i førre veke om fem år i fengsel for dei to som no er dømde. Den eine er også dømd for andre straffbare forhold, og aktor bad der om eitt til to år ekstra fengselsstraff.

– Eg er godt fornøgd med dommen, seier aktor Ingvild Thorn Nordheim. Ho seier det ikkje er mange samanliknbare saker, og at ho difor ikkje er overraska over at dommen vart strengare enn påstanden.

Kvinna var veldig rusa

Valdtekten skjedde i eit hus i Ålesund natt til 30. desember 2012. Dei to mennene er dømde for å ha gjennomført valdtekten i fellesskap.

Kvinna var veldig rusa kvelden valdtekten skjedde, og skal ha vore ute av stand til å motsetje seg handlingane, står det i dommen frå Sunnmøre tingrett. Dette var eit av spørsmåla domarane måtte ta stilling til etter rettssaka.

Dei to dømde forklarte i retten at den 18 år gamle kvinna skal ha hinta om sex, og at ho tok initiativet. Dette var i strid med det vitne forklarte i retten.

– Det er ikkje ofte dommen blir strengare enn påstanden, seier aktor Thorn Nordheim. Ho er godt nøgd med at dei vart dømde for det dei var tiltalte for.

Bad om frifinning

Forsvararen til den eldste av dei tiltalte, bad om frifinning for sin klient. Han meinte at det ikkje fanst nok bevis til at dei seksuelle handlingane skjedde under tvang.

Også forsvararen til den andre tiltalte meinte det hadde vore frivillig sex mellom den tiltalte og kvinna, og at ikkje begge mennene hadde vore saman om handlingane.

Domarane var ikkje einige i dette, og har dømt dei to til lange fengselsstraffer.