Hopp til innhold

Lenge til lange bussar får køyre

Ikkje før tidlegast sommaren om to år kan lange bussar køyre i Trollstigen, dersom det blir løyvd pengar til ei utbetring.

Trollstigen i Møre og Romsdal
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Reiselivsnæringa pressar hardt på for at bussar opp til 15 meter skal kunne køyre Trollstigen slik som i Geiranger.

Den tyske bussen blei ståande fast i Trollstigen.

Det er ikkje uvanleg at lange bussar køyrer seg fast i Trollstigen, som denne tyske bussen tidlegare i sommar.

Foto: Ottar Rydjord.

Millionsvingar

Å rette ut svingar kjem til å koste rundt 14 millionar kroner og dei pengane er så langt ikkje i noko budsjett.

- Svingane i Geiranger kan ta bussar opp til 15 meter. Grensa i Trollstigen er 12,40. Eg forstår at dette er eit stort problem for reiselivsnæringa, seier seksjonsleiar Ivar Hol i Statens vegvesen.

Står på - men blir dyrt

Når dei same bussane som køyrer Geiranger ikkje kan køyre Trollstigen, så det komplisert for reiselivet. Dei står difor hardt på for å få gjort noko med vegen frå Valldal til Åndalsnes.

Det er gjort prøvekøyringar med bussar opptil 15 meter. . Dette er ei lengd som blir stadig meir vanleg. Men utretting av svingane må til, og det vil altså koste rundt 14 millionar kroner.

– Dersom det skulle kome pengar på budsjettet for 2011, så må vi bruke hausten til å få gjort tiltaka med tidleg stenging. Det er ikkje berre å starte å sprenge opp i der. Då må det vere stengt, og vi må ha intensiv drift. Så det blir ikkje resultat før i 2012, om vi skulle få pengar. Men det er det opp til politikarane å avgjere, seier Ivar Hol i Statens vegvesen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL