Hopp til innhold

Lang veg for Rovdefjordbrua

Rovdefjordbrua står som nummer tre i prioritet, etter Nordøyvegen og Trollheimstunnelen. Det seier leiar i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal, Oddbjørn Vatne. Enklare sagt: Det går fort 30 år før prosjektet kan realiserast.

Rovdefjordbrua

Rovdefjordbrua, fjordkryssinga mellom Sande og Vanylven kommune, ligg bak både Nordøyvegen og Trollheimstunnelen, fortel samferdslepolitikarane.

Foto: Tor Inge Nygård / Fotomontasje

Oddbjørn Vatne

Oddbjørn Vatne fortel at Rovdefjordbrua er nummer tre i køen for vegprosjekt i Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

For at Rovdefjordbrua i det heile skal kunne realiserast, meiner Oddbjørn Vatne (Sp) at etterslepet på vegvedlikehald må vekk.

– I samband med Nasjonal Transportplan (NTP) må vi få til eit program som tek igjen etterslepet og aukar framtidige overføringar til vedlikehald i fylket.

– Det er måten vi best kan få inn pengar. Får vi til dette kan vi ta tak i investeringa vidare, seier Vatne, leiar i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal.

Han seier vidare at prosjektet ikkje nødvendigvis må vere sjølvfinansierande.

Magne Løvoll

Magne Løvoll, styreleiar i Rovdefjordbrua AS, meiner prislappen for prosjektet er låg i forhold til andre prosjekt.

Foto: Trond Vestre / NRK

– I konkurranse med andre

I går tysdag blei samferdslepolitikarane i fylket orientert om Rovdefjordbrua av Magne Løvoll, styreleiar i Rovdefjordbrua AS.

– Det er uhyre viktig å overtyde samferdslepolitikarane om at dette er eit viktig prosjekt, fortel Løvoll.

– Når dei no får sjå ting på nært hald, korleis ting er tenkt og det faktum at prosjektet er teknisk gjennomførbart. Bøygen i alle prosjekt er økonomi, men det skal vi få til.

Han er klar på at det heile tida må trykkast på, for prosjektet som er ein del «Kystvegen Ålesund-Bergen».

– Ein er heile tida i konkurranse med andre prosjekt i fylket, og no meiner vi at det er vår tur.

– Og eg oppfattar at ein god del av samferdsleutvalet til at det er på tid med eit prosjekt sør i fylket òg, seier Løvoll.

Nærmare 30 år

Prislappen for prosjektet er 1,6 milliardar – ein liten prislapp samanlikna med andre prosjekt, meiner Løvoll.

– Det er eit prosjekt som fell inn i naturen, og er praktisk mogleg å gjennomføre, seier Oddbjørn Vatne etter orienteringa frå Løvoll.

Han er derimot klar på at prosjektet er nummer tre i rekkja, bak Nordøyvegen og Trollheimstunnelen. Dette altså av store samferdsleprosjekt i fylket.

– Kor lang tid vil det går før Rovdefjordbura kan realiserast?

– Nei, vi pratar nok – om det ikkje skjer noko spesielt – om nærmare 30 år, fortel Vatne.

– Men vi ser ikkje vekk frå at det kan skje noko, og at det i tida som kjem blir oppdaga at ein må byggje fleire vegar, legg leiaren i samferdsleutvalet til.

Saka held fram under bildet.

Magne Løvoll

Magne Løvoll orienterte om Rovdefjordbrua, og fortalte tilhøyrande samferdslepolitikarar om planane.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Viktig for heile kysten

Løvoll og Rovdefjordbrua AS har nok eit håp om litt mindre enn 30 år. Kvifor prosjektet er viktig har dei heilt fremst på tunga.

– Dette prosjektet er viktig for heile kysten, ikkje berre for Sande og Vanylven kommune. Dette er mykje meir, kystvegen, som skal binda saman Ytre, frå Bergen til Ålesund, seier Magne Løvoll.

– Vanylven slit med fråflytting. Dette prosjektet vil vel snu trenden?

– Ja, det vil vere gull verdt, avsluttar Løvoll, som er tidlegare ordførarkandidat i Vanylven.