Hopp til innhold

Lang busstur heim i natt etter tap

Dei vel 20 Hødd-supporterane får ein lang tur heim etter tapet mot Bryne laurdag ettermiddag. No ventar 12 lange timar i buss.

Blåsarane på veg heim
Foto: Guttorm Remøy Vartdal

Det blir ein trøyttandes marsj heim igjen til Ulsteinvik, etter at Hødd tapte 1–3 mot Bryne i 1. divisjon laurdag ettermiddag. På førehand var håpet å ta tre poeng, og dermed sikre seg direkte opprykk til Eliteserien.

– No er det berre å kome seg langt helsika vekk herifrå, seier leiaren for supporterklubben Blåsarane, Guttorm Remøy Vartdal laurdag ettermiddag.

24 timar i buss i helga

Blåsarane på Bryne

Blåsarane på Bryne etter den første bussturen.

Foto: Privat

Bussturen frå Ulsteinvik starta før midnatt fredag, og laurdag i 12-tida var dei framme på Jæren. Etter kampen er det same ruta tilbake, men då med eit tap å handtere.

– Det hadde blitt ein lang tur heim igjen uansett, men det er klart, det blir litt lengre no. Eg satsar på at stemninga blir litt betre utover kvelden, vi kan ikkje sitje å vere sure i 12 timar, seier Remøy Vartdal.

Framleis ved godt mot

Lars Arne Nilsen

Hødd-trenar Lars Arne Nilsen er skuffa over Bryne-tapet, men har absolutt ikkje gitt opp kampen om opprykk til Eliteserien.

Foto: NRK

Også trenar Lars Arne Nilsen skulle sett nasen nordover igjen med ein full siger, men slik blei det ikkje. Nilsen vedgår at han er skuffa, men avviser at tapet denne helga er avgjerande.

– Det er alltid kjedeleg å tape fotballkampar, men det er ingen grunn til å henge med geipen. Vi er framleis ved godt mot, seier trenar Lars Arne Nilsen.

Trenaren rosar Blåsarane

Trenaren er svært glad for støtta frå tribunen, og syns det er fantastisk at dei har køyrt buss heilt frå Ulsteinvik til Bryne for å heie fram laget sitt.

– Dei er fantastiske. Vi har dei beste supporterane, det betyr veldig mykje for oss. Det er berre synd at vi ikkje kan gje dei det dei vil ha, seier Nilsen.

Inviterer til storkamp neste helg

Trenaren seier at det framleis er fullt mogleg å nå målsetjinga om kvalifisering til Eliteserien.

– Det blir storkamp på Høddvoll neste helg når vi møter Follo. Dersom vi vinn den kampen, trur eg vi har ein kvalifisering innan rekkevidd, og då kan alt skje.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL