Hopp til innhold

Lånekassen består i Ørsta

20 arbeidsplassar er berga i Ørsta etter at statsrådane Sylvi Listhaug og Jon Georg Dahle frå FrP i dag besøkte Lånekassen.

Lånekassen i Ørsta berga

Lånekassen reduserer talet på kontor frå seks til fire. Ørsta er eitt av kontora som får bestå.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Det var under FrP sitt statsrådbesøk i Ørsta at dei tilsette fekk den gode nyhenda om at arbeidsplassane deira likevel ikkje står i fare. Både innvandringsminister Sylvi Listhaug og mat- og landbruksminister Jon Georg Dahle var på Ørsta-besøk for å gi dei tilsette beskjeden om at kontoret skal vidareførast.

– Vi er sjølvsagt veldig glade. Det var stor jubel og glede blant då eg fekk formidla det til alle saman, seier regiondirektør i Lånekassen i Ørsta, Solveig Festø.

Aukande arbeidsløyse

Både Festø og dei andre tilsette har i eit halvår venta på ei avgjerd på kva som skjel skje med Lånekassen sitt kontor i Ørsta og no kan dei endeleg puste letta ut.

– Når ein får vite at kontoret kanskje skal leggast ned, så gjer det noko med ein, men dei tilsette har vore lojale mot kundane og stått på i haust likevel.

Innvandringsminister Sylvi Listhaug (FrP) seier ho er glad for å kunne bidra til å sørgje for at det er arbeidsplassar rundt omkring i landet slik at folk kan bu utanfor Oslo-gryta.

– Møre og Romsdal er eit fylke som har slite med aukande arbeidsløyse siste åra. Difor var det viktig for oss å jobbe for at Ørsta skulle bestå. Totalt sett vil Lånekassen få færre tilsette, men Ørsta er altså redda og det er eg veldig godt fornøgd med.

Statsrådene kommer til lånekassa

Statsrådane Sylvi Listhaug og Jon Georg Dahle besøkjer Lånekassen i Ørsta måndag.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Dette kunne vi ikkje finne oss i

Partikollega Jon Georg Dahle seier dei har prøvd å gjere vurderingar som sørgjer for å ha Lånekassen til stades mange plassar i landet og samstundes klare å effektivisere.

– Difor er eg veldig glad for at vi no får til dette og at dei tilsette kan føle seg trygge i jobbane sine og med det halde fram med eit viktig arbeid her i regionen.

Også stortingspolitikar Pål Farstad (V) hadde slått følgje med statsrådane frå FrP og sa at Venstre slo full alarm då det var snakk om å leggje ned kontoret i Ørsta.

– Dette kunne vi ikkje finne oss i og vi har jobba intensivt for å få ei god løysing på dette.

Lånekassen reduserer talet på kontor frå seks til fire og legg ned kontora i Bergen og Tromsø, medan kontora i Oslo, Trondheim, Stavanger og Ørsta vil bestå.