Fylkeskultursjefen meiner museet naturleg høyrer til Romsdal, medan styret og venneforeiniga held ein knapp på Sunnmøre.
Seinare i dag skal kulturutvalet avgjere saka, og Aadne Haarr i styret for Landbruksmuseet håpar politikarane går imot tilrådinga.
Ikkje faste opningstider
Er du heldig finn du kanskje traktoren til bestefar din på Landbruksmuseet på Gjermundnes. I løpet av nesten 25 års drift har museet bygt opp ei samling av gamle maskiner og reiskapar frå heile 1900-talet. Men når framtida for museet no skal avgjerast, snur romsdalingane ryggen til sine eigne. For fylkes-kultursjef Arvid Blindheim legg til grunn at museet ikkje treng faste opningstider dersom dei blir ein del av Romsdal museumsregion. I tilrådinga til kulturutvalet i dag skriv Blindheim at mannskapet på Gjermundnes kan brukast andre stader i regionen i stille periodar.
Vil samarbeide med Sunnmøre
Styret steilar mot forslaget, og vil heller samarbeide med Sunnmøre Museum. Håper er å behalde konservatoren som arbeider på Gjermundnes no, seier Haarr.