Kake for museumsavtalen i februar: frå v. direktør Jarle Sanden og styreleiar Anders Talleraas i Romsdalsmuseet, styreleiar Guttorm Kjelsvik i Landbruksmuseeet. Foto: Gunnar Sandvik, NRK
Etter fire år med strid mellom Romsdalsmuseet og Landbruksmuseet blei partane for to månader sidan samde om ein avtale.
Avtalen gjekk i hovudsak ut på at Romsdalsmuseet skulle ha den økonomiske og administrative styringa, men Landbruksmuseet fekk ha sin eigen avdelingsleiar.
- Ikkje oppfylt
No seier styreleiar Guttorm Kjelsvik at vilkåra for avtalen ikkje er oppfylte. Føresetnaden for at dei gjekk inn på avtalen med Romsdalsmuseet, var at Landbruksmuseeet skulle ha utbetalt dei pengane frå i fjor som var haldne tilbake: eit fylkestilskot på 300 000 og eit statstilskot som er om lag like stort.
- Men no får ikkje Landbruksmuseet utbetalt statstilskotet, det blir verande i Romsdalsmuseet, seier Guttorm Kjelsvik. Han meiner elles at saka er prega av at sambandet mellom Romsdalsmuseet og delar av administrasjonen i fylket er altfor nært.
Sjå også Landbruksmuseet får statstilskotet
Høyr intervju med Guttorm Kjelsvik ovanfor.
Landbruksmuseet på Gjermundnes