NRK Meny

Laksetransport stoppa

Ein litauisk lastebil lasta med laks blei stoppa i ein storbilkontroll på Åndalsnes i natt, og transportøren er meldt for brot på kabotasjereglane. Det er reglar som gjeld når ein utanlands transportør tar nye oppdrag mellom ulike stader i Noreg. Denne lastebilen skal ha hatt for mange oppdrag, og selskapet må difor sende ein annan bil. Selskapet risikerer og bot på mellom 40 000 og 100 000 kroner, skriv rbnett.no.