Hopp til innhold

Hittil har dei berre fått ein einaste fisk

Natt til søndag opna laksefisket i ei av dei mest populære lakseelvane, Eira i Nesset. Fiskelukka er ikkje heilt komen.

Nå er laksesesongen i gang

Berre tre minutt etter at laksefisket opna var den første fisken på kroken. Men sidan har fangsten vore laber.

Mareno Nauste

Mareno Nauste har fiska i Eira i snart 50 år.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

I fleire elver starta laksefisket i helga og dei aller ivrigaste er godt i gang med vadera, stong og håv. I idylliske omgivnader står Mareno Nauste i elva, slik han har gjort i ein mannsalder. Han håper på fiskelukke. Ikkje mest for seg sjølv, hans jobb er å legge til rette for andre laksefiskarar.

– No har det gått ni månader i dvale og plutseleg eksploderer det. No er vi i gang, seier Nauste.

Laksen likar blå himmel

Sola skin og himmelen og blå. Ifylgje Nauste er det slikt ver både han og laksen likar. Laksefisket opna natt til søndag og berre få minutt etter var den første laksen på kroken. Etter den tid har det vore lite å skryte av. Mange har kjent at det nappa, men ingen fleire enn den eine fisken har blitt dratt i land.

Fleire er på veg

Det er mange utlendingar som plar fiske her og tilreisande frå heile landet er venta å kome.

Ein av dei som er på plass i elva er James Nicoll.

– Det her går dårleg, seier Nicoll. Han gir likevel ikkje opp håpet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL