Hopp til innhold

- Lågprisbutikkar sviktar økologisk mat

Store matvareprodusentar tapar pengar på økologisk mat. Sjefen i organisasjonen for dei som produserer og kjøper økologiske varer trur lågprisbutikkane har skulda.

Vibeke Haug

Mange butikkar har økologisk mat. Men alle har ikkje like mykje.

Foto: Aina Rødal / NRK

Tine og Nortura tapte i fjor 30 millionar kroner på økologiske varer som blei liggande uselde. Men Reidar Andestad som er leiar for organisasjonen for økologiske produsentar og forbrukarar, OIKOS, trur ikkje dette er slutten for økologisk mat. Han trur trenden med økologisk mat kjem sterkt attende.

Reidar Andestad

Reidar Andestad leiar organisasjonen for dei som produserer og brukar økologisk mat.

Foto: Roar Strøm / NRK

- Argumentasjonen med helse, miljø og berekraftig produksjon er like tung som før. Vi trur denne trenden med nedgang vil snu slik vi har sett i Danmark og Sverige, seier Andestad.

Satsing på økologisk mat strandet

Metta marknad ?

Produksjonen av økologisk mat har auka siste åra. Men mykje av maten har ikkje nådd fram til konsumentane. Spørsmålet er om det blir produsert for mykje.

- Vi har hatt ein gledeleg vekst i talet på nye produsentar. Dette har ført til at volumet har auka kraftig, samstundes som finanskrisa kom. Dette har skapt tilpasningsproblem for Nortura og Tine. Men vi er i dialog med tiltak overfor dei i tida framover.

Dropper pizza,pølser og brus

Mindre interesse for økologisk mat

- Lågprisbutikkane har skulda

Reidar Andestad meiner at handlevanane til folk er noko av skulda for at økologisk mat ikkje når fram til kundane. Mange handlar i lågprisbutikkar og der er det gjerne ikkje økologisk mat som dominerer hyllene.

- Folk har gått frå fullsortimentsbutikkar til lågprisbutikkar. Der er det mindre økologisk vareutval. Folk har fått det for seg at økologisk mat er dyrt. Det stemmer nokre plassar men det stemmer ikkje andre stader. Men trenden med nedgang vil snu, seier Andestad.

Optimist

Reidar Andestad er optimist. Han trur at økologisk mat kjem til å oppleve ein ny vår i Noreg.

- Jada. Vi trur at alle som er livsnytarar og alle som er opptekne av miljø og helse kjem til å velje økologisk meir og meir. Vi ser at trenden er veldig sterk innan vin og kosmetikk. Også innan tekstil er det ein sterk økologisk trend. Vi får også tilbake denne trenden når det gjeld matvarer. Heilt sikkert, seier Reidar Andestad.