Dette synet skremmer fruktdyrkarane

Kulde og snø set ein stoppar for blomstringa og biene sin viktige jobb på fruktblomane. Landbrukssjef seier det er det mest ekstreme han har opplevd på 30 år.

Nedsnødde frukttre på Linge i Fjord kommune

Snøen ligg tungt på frukttrea på garden til Elida Brenna Linge. No fryktar ho at deler av sesongen er tapt på grunn av dei låge vårtemperaturane.

Foto: Elida Brenna Linge

Snøen lavar ned, sjølv om kalenderen viser midten av mai. Slik har det vore i fleire dagar og utsiktene framover er heller ikkje gode ifølgje meteorologane. Det gjer Toralv Klokkehaug uroa for årets frukthaust. Han er landbrukssjef i Fjord kommune på Sunnmøre, og har i løpet av 30 år aldri opplevd noko liknande.

– Dette er det mest ekstreme eg har vore borti. Det er både langvarig og sterk kulde, så eg trur mange er svært bekymra, seier Klokkehaug.

Biene får ikkje gjort jobben sin

Fruktdyrkarane på Linge i Valldal har fruktdyrking som hovudnæring. Bygda har hovudproduksjonen av morellar, plomme, pære og eple i Møre og Romsdal. No står sesongen i fare, særleg fordi fleire veker med kaldt vêr fører til at biene ikkje får gjort jobben sin.

Toralv Klokkehaug, landbrukssjef Fjord kommune

Toralv Klokkehaug, landbrukssjef i Fjord kommune på Sunnmøre, seier at det kalde vêret gjer at det ser mørkt ut for delar av haustens fruktavlingar.

Foto: Fjord kommune

– No står dei på bakken, slik som flya. Dei er i kubane og tør ikkje seg ut, seier Klokkehaug.

Landbrukssjefen fortel at mange av frukttrea var i full blomstring før kuldeperioden slo inn. Alt var klart for pollineringa. Biene er den beste medhjelparen til å bestøve frukttrea, men med temperaturar ned mot null stoppar denne prosessen opp.

– Vi har så låge temperaturar at om blomstrane blir befrukta så går prosessen så seint at det ikkje blir skikkeleg bestøving i fruktknuten.

Klokkehaug fortel at det er kritisk for ein del vekstar, som plommer, morellar og pærer. Den store snømengda gjer også at bringebærbusker kan knekke.

Kritisk

Audun Skjervøy, som er grøntkontakt i Møre og Romsdal Bondelag, seier at det er kritisk for fruktbøndene.

Nedsnødde frukttre i Linge i Valldal i Fjord kommune

Ein kald og snøfull vår kan skape problem for fruktnæringa. På Linge på Sunnmøre har vêret sett ein stoppar for blomstringa.

Foto: Elida Brenna Linge

– Eg trur dei får seg ein skikkeleg smell på grunn av kulde under blomstringa. Det var det same som skjedde i fjor, seier Skjervøy.

Også for fruktbøndene i Hardanger er det grunn til bekymring. Nesten halvparten av all norskprodusert frukt kjem herifrå.

– Der er det ikkje fare for nattefrost, men langvarig regn og låge temperaturar er urovekkande med tanke på pollinering, seier fylkesleiar i Hordaland bondelag, Peder Nærnes.

Epleblomst med frostskader. Brune begerblad og brunfarge i blomsterbunn tyder på skade.

Bildet viser ein epleblomster med frostskadar. Brune begerblad og brunfarge i blomsterbotnen tyder på skade.

Foto: Gaute Myren

Gaute Myren er fruktrådgivar i Norsk Landbruksrådgiving Viken. Han fortel at dei har hatt fleire netter med kulde, noko som kan skade årets plomme, pære og epleproduksjon.

Han fortel at han har blitt kontakta av bønder som er uroa for situasjonen, men at det er for tidleg å seie noko om kor mykje skade det er på det er på dei ulike fruktblomstrane og kva konsekvens det vil få.

– Vi har tidlegare sett at det kan gå bra likevel, seier Myren.

Håper dei kan berge delar av sesongen

Fruktbonde Elida Brenna Linge er ein av dei som driv fruktgard på Linge i Fjord kommune. Ho seier at det truleg ikkje blir eit toppår for dei.

Kvinnei morellebærhage

Slik kan det sjå ut i Linge i juli. Elida Brenna Linge har ein stor morellhage, men i år blir det truleg dårleg med morellar.

Foto: Åsta Skjervøy

– Det ligg dårleg an for morellbæra og plommene denne sesongen.

Linge fortel at det i hovudsak er dei låge temperaturane over ein lang periode som skaper problem. Ho håper og trur likevel at delar av sesongen kan reddast. Dei har mellom anna også eple og pærer på garden, og desse har ikkje er komne så langt i blomstringa, fortel Linge.

– Vi må vere optimistiske. Det er for tidleg å seie kor alvorleg situasjonen er. Det veit vi først når vi ser kor mange av blomane som har knytt seg, seier ho.

Fryktar konsekvensane

Landbrukssjefen i Fjord kommune fryktar for dei langvarige konsekvensane dersom vêret ikkje blir betre.

– No har det vore kulde og dårleg vêr såpass lenge, og det ser ut som det vil halde fram i nokre dagar til. Eg trur ikkje at det er så lett å gjere noko med det som har skjedd, så avlingane vil gå kraftig ned. Det er heilt sikkert, seier Klokkehaug.