Hopp til innhold

Lagar ny film om Norgespatriotene

- Rettsaka har gitt oss grunnlag for å lage ny film.

Saksøkt av høyreekstreme

Anders Eikeland (t.v.) og Tommy Myrbostad lagar ny film om Norgespatriotene.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

I føremiddag avgjorde Oslo tingrett at Anders Eikeland og Tommy Myrbostad frå Molde slepp å fjerne filmen om Norgespatriotene frå nettstaden Youtube.

LES OGSÅ: Blir ikkje fjerna

Trugsmål

Rettssaka har ikkje skremd filmskaparane. No vil dei lage ny film om Norgespatriotene.

– Vi har fått nye opplysningar og har opptak av telefonsamtalar der vi vert truga.

Eikeland seier at ein vil få sjå opptak frå rettsaka i filmen.

– Hadde det ikkje vore for rettsaka, ville vi ikkje hatt grunnlag for å lage ein ny film.

Glad for frifinning

Eikeland seier at han er glad for frifinninga i Oslo tingrett. Men frifinninga overraskar han ikkje.

– Eg hadde ikkje trudd at retten ville gå med på førehandssensur av filmen.

SJÅ: Må ikkje fjerne film om Norgespatriotene