Hopp til innhold

Lagar lys for ei kvar anledning

Det går i lilla og raudt når Lysfabrikken i Gjemnes gjer seg klare til jul.

Butikkhyller i Lysfabrikken

JULEMØNSTER: Butikkhyllene blir fylt opp av julelys.

Foto: Åge André Breivik

Produksjonshallen til Lysfabrikken

FYLLER OPP: Lysfabrikken i Gjemnes blir fylt opp fram mot jul.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Det er så hyggeleg å vere med på julemesser. Mamma og pappa blir så stolte når dei ser oss der, seier Tanja Øren.

Ho jobbar på Lysfabrikken i Gjemnes, og lagar lys i mange fasongar i tida før jul.
På borda rundt om i fabrikken er det fullt av lysformer, og kassar med lys som er ferdige.

Inga-Lena Hustad

JULESTEMT: - Eg får mykje meir julestemning av å jobbe her, seier Inga-Lena Hustad.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Det er stor pågang i butikken, og folk ringer for å bestille, seier Inga-Lena Hustad. I tillegg kjem folk frå området for å sikre seg jule- og adventslys tidleg.

- Frå starten på november er det fullt køyr for oss.

- Me lagar dråpelys, Aladdin-lys, og mykje anna, seier Else Karin Ohren. Ho er ei av hjelparane på Lysfabrikken.

Du kan sjå fleire bilde frå Lysfabrikken i Gjemnes ved å trykke på bildegalleriet til høgre i artikkelen.

Artikkelen held fram under bildet.

Stearinlys

FYLLER HYLLENE: Lysfabrikken i Gjemnes fyller opp hyllene med stearinlys fram mot jul.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Høyr tiande episode i adventskalenderen her:

Kjegler, pyramider og runde lys

Mellom lysa er det kvite, raude og lilla. I tillegg er det bilde på nokre, snøpynt på andre, og diamantar på enkelte.

- Me veit ikkje heilt kor mykje ekstra det blir, men me ser jo at det går mykje både stearin og voks, så me må fylle på fleire gongar i veka, seier Hustad.

I hyllene står det stearinlys som er kjegleforma, det står runde lys, og pyramidelys. Nokre skal vidare til pynting, medan andre skal dyppast i farge.

Lys som julegave

- Det tar seg opp no fram mot jul. Folk skal ha både adventslys og julelys, seier Inga-Lena Hustad.

- Nokre vil gi vekk lys i julegave, så det aukar heilt klart no fram mot juletid.

- Når me er med på julemesse og liknande vil folk ha stand ved sida av oss. Det ser ut som salet deira aukar også

Inga-Lena Hustad, Lysfabrikken i Gjemnes

- Når me er med på julemesse og liknande vil folk ha stand ved sida av oss. Det ser ut som salet deira aukar også, seier Hustad.

Lysstøyping

FYLTE LYS: Stearinlysa står på rekkje og rad i Lysfabrikken.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Lys må folk kjøpe nytt av når dei bruker det opp, så det er lettare å selje enn til dømes rosemåling, legg ho til.

- Alle typar lys

- Me lagar alle typar lys, seier Edgar Dyrli. Han har jobba i 15 år på fabrikken, og er erfaren i bransjen.

Han liker godt å brenne lys sjølv, men det finaste av dei han produserer vil han overlate til andre å finne.

- Det veit ikkje eg i det heile tatt, seier han.