Hopp til innhold

– Han er ein gløymd sjøhelt

ÅLESUND (NRK): For over hundre år sidan la fire menn ut på ein strabasiøs ferd frå Noreg til Amerika. Målet var å bevise at båten dei hadde bygd ville halde dei i live i hardt vêr.

Kristoffer Hivju og Vebjørn Enger som Iver Thoresen og Ole Brude.

TAR FARVEL: Kristoffer Hivju i rolla som kapteinen Iver Thoresen og Vebjørn Enger som Ole Brude.

Foto: Remi Sagen / NRK

No blir det dokumentarfilm om turen. I fem månadar i strekk var mannskapet på fire saman på sjøen. Det kunne ikkje berre ha vore enkelt.

– Det sleit på psyken deira. Eg trur det var overmenneskeleg beinhardt, seier Kristoffer Hivju.

Han spelar kapteinen i dokumentarfilmen om Ole Brude og Brudeegget. Eller «Uræd» som båten eigentleg heiter.

– Før si tid

– Han er ein av våre gløymde sjøheltar. Han har forsvunne i historia, så det er verkeleg stas å løfte han fram igjen, seier regissør, Gry Molvær Hivju.

Gry Molvær Hivju er regissør i filmen om Ole Brude.

REGISSØR: Gry Molvær Hivju har regi på dokumentarfilmen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ho meiner Ole Brude var «forut» for sin tid. Ideen om livbåten kom etter at han sjølv var med på eit skipsforlis som 14-åring. Han var vitne til at livbåtane som skulle berge liv, i staden vart knust til pinneved av dei enorme bølgene.

– Då kom han på ideen om å bygge ein overbygd livbåt, seier Molvær Hivju.

For å bevise at båten verkeleg ville redde liv så reiste han over Atlanterhavet til Amerika. Turen skulle ta tre månadar, men enda opp med å vare i fem.

– Som filmskapar så er forholdet mellom desse mennene i fem månadar vore veldig spennande å dykke inn i, seier ho.

– Var fem tøffe månadar

Filmen er blant anna basert på kapteinen Iver Thoresen si dagbok.

– Det fantastiske med denne historia her, er at ho er så godt dokumentert. Det konfliktfylte forholdet mellom kapteinen og Ole Brude er veldig spennande. Ein kan berre førestille seg korleis det er å bu i eit jernegg i fem månadar i strekk, seier Hivju.

Ole Brude og mannskapet er på veg til Amerika.

BRUDEEGGET: Desse fire karane var saman i fem månadar i denne vesle båten.

Foto: Remi Sagen / NRK

Som Ole Brude finn vi skodespelar Vebjørn Enger. Han meiner det er ei historie som ikkje er godt nok kjend.

– Eg syns vi gjer noko viktig ved å fortelje denne historia her. Ole Brude var ein person som ville betre forholda til sjømenn på havet.

Enger kjem frå Randaberg i Rogaland, og å spele ei hovudrolle som ålesundar kan by på utfordringar.

– Eg skal prøve å legge om, men heldigvis er det ikkje så mange replikkar, seier han.

Tok lang tid før oppfinninga vart kjend

Ferda til Amerika tok lengre tid enn venta. Brude og mannskapet vart skyld på land, men beviste at livbåten fungerte slik den skulle.

På veg til Amerika med "Ureæd", også kjend som Brudeegget.
Foto: Remi Sagen / NRK

Sjølv om Brude fekk heider og ære då han kom heim til Noreg, vart ikkje oppfinninga hans ein suksess før på 70-talet.

– Ein ser jo det på alle ferjer og cruiseskip i dag at dei har dei oransje eggforma livbåtane. Dette er jo same form som Ole Brude lagde sin, seier Gry Molvær Hivju.

Dokumentarfilmen er planlagt å vere ferdig våren 2021.