NRK Meny

Laga spor i naturreservat

Politiet vil bøtlegge ein mann i slutten av 20-åra for å ha køyrt med ATV i naturreservata Gule-/Stavikmyrane i Fræna. Naturreservata er eitt av landets største, verna myrlandskap. Mannen må betale 20 000 kroner for å ha køyrt i naturreservatet slik at det blei spor i terrenget i februar. Ola Betten hos fylkesmannen har tidlegare sagt at spora var så djupe at dei kan bli verande for all tid.

Spor etter ATV-køyring, Fræna
Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal