NRK Meny
Normal

Laga mini-bybrann 110 år etter

110 år etter den store bybrannen raserte Ålesund natt til 23. januar 1904, markerte borna i Fagerlia barnehage hendinga på sin eigen måte. Dei starta nemleg sin eigen vesle bybrann.

Born av bybrannen

Førskuleborna i Fagerlia barnehage fekk sjølve erfare korleis ein brann ter seg. I motsetnad til bybrannen i Ålesund i 1904 så var denne brannen av det heller harmlause slaget. Petter Humblen (f.v.), Jørgen Kragset Hole, Ask Nordstrand og Isak Klokk Flø laga alle kvart sitt hus av mjølkekartongar, som til slutt brann til grunnen.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Lasse Neumann og Berit Rye

Fem år gamle Lasse Neumann imponerer pedagogisk leiar Berit Rye og dei andre i personalet ved Fagerlia barnehage, med god kunnskap om bybrannen.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Dei trippa spente rundt på bålplassen, dei ti førskuleborna ved Fagerlia barnehage i Ålesund. Det var nemleg snart tid for å setje i gong deira eigen mini-bybrann.

– Vi har laga husa av mjølkekartongar, og snart skal vi brenne dei, sa 5-åringen Lasse Neumann like før det braka laust.

– De har vel jobba lenge med husa, er det ikkje litt synd å brenne dei?

– Nei. Vi har berre brukt ein dag på å lage dei, så det er ikkje så farleg, seier Lasse.

Kan mykje om bybrannen

Femåringen imponerer ifølgje dei tilsette i barnehagen med stor kunnskap kring bybrannen, og både årstalet og omfanget kan han mykje om.

– Kanskje han kan bli ein ny Harald Grytten eller Sindre Nakken ein gong i framtida?, spør barnehagestyrar Guro Thoresen retorisk.

Natt til 23. januar dei siste tiåra er det nemleg Einar Gustafsson, historikar Harald Grytten og no Sindre Nakken som har losa hundre- og somme år tusenvis av bybrann-entusiastar gjennom bygatene. I år er det 40 år sidan den første bybrannvandringa blei gjennomført.

Artikkelen held fram etter videoen.

Barna i Fagerlia barnehage markerte onsdag 110-årsjubileet for bybrannen i Ålesund på sin eigen spesielle måte. Dei hadde laga ein miniatyrversjon av byen, som dei sette fyr på. Barnehagen gjer dette som eit ledd i historieforteljinga om det som skjedde natt til 23. januar 1904.

– Viktig lærdom

I år – og heilt korrekt sagt, i natt – er det 110 år sidan bybrannen i Ålesund. Alle som veks opp i regionen kring og i Ålesund blir før eller sidan kjent med denne dramatiske sida av byen si historie.

– Dette handlar om å lære borna at folk måtte flykte frå brannen, men også at det faktisk var vanlege folk som mista alt dei eigde. Det er viktig å lære kva som skjedde, seier pedagogisk leiar Berit Rye.

Rye hadde ansvaret for å setje fyr på mini-byen. Då det eine huset først tok fyr, gjekk det ikkje lenge før dei ved sidan av, til store glede blant borna, også stod i brann.

Det er viktig å lære å kva som skjedde.

Berit Rye, pedagogisk leiar i Fagerlia barnehage.

– No fekk vi nokre vindpust i grua som gjorde at brannen spreidde seg litt raskare, akkurat slik som storbrannen gjorde det for 110 år sidan. Då var det storm med vindkast tilsvarande orkan styrke, så brannen spreidde seg raskt, seier Berit Rye avslutningsvis.

Femåringane i Fagerlia barnehage avslutta seansen ved grua med å synge songen om Ålesund-byen, skriven av Aase Riise.

Born i Fagerlia barnehage

Ada Haddal Sandnes (f.v.), Helle Ryste Nordstrand og Lasse Neumann følgde spent med på mini-byen som brann i grua.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK