Hopp til innhold

Søstera kom aldri tilbake frå Utøya – dansar for å heidre dei drepne

For Ellen Vartdal Håvoll (24) frå Ørsta vart dansen ein måte å bearbeide kjensler på etter at storesøstera Guro vart drepen på Utøya.

KUNSTNARISK: Ellen Vartdal Håvoll uttrykkjer sakna og fortvilinga gjennom dans.

KUNSTNARISK: Ellen Vartdal Håvoll uttrykkjer sakna og fortvilinga gjennom dans.

Foto: MARIUS ANDRÈ JENSSEN STENBERG / NRK

Dansen har vore viktig for Ellen heile livet, men etter terroråtaket 22. juli 2011 fekk han ei djupare meining. Samtidig som ho kjente glede og meistring, vart dansen ein måte å komme i kontakt med dei vanskelege kjenslene på.

– Dansen lét meg kjenne på det vonde som eg heldt på innsida.

Dans som Ellen Vartdal Håvik har koreografert til minne om de 77 menneskene som mistet livet den 22. juli 2011.

TIL UNGDOMMEN: Dansevideoen blir ein del av 22. juli-senteret si faste utstilling med tema «å leve vidare.»

Ellen var 14 år då den 18 år gamle storesøstera Guro vart rive bort frå familien.

Ideen om å koreografere ein dans til minne om dei 77 drepne i regjeringskvartalet og på Utøya har Ellen hatt i mange år. Ho ynskjer at dansen får fram dei verdiane som vart angripne 22. juli og den store kjærleiken og støtta som vart vist i dagane og tida etter.

– Eg håpar den kan vere til støtte for pårørande, etterlatne, overlevande og råka i ei vanskeleg tid som mange av oss er i no.

Ellen Vartdal Håvoll

MARKERING: Ellen skal delta i markeringane i Oslo og på Utøya saman med familien og kjærasten. Det trur ho blir vondt men fint samtidig.

Foto: MARIUS ANDRÈ JENSSEN STENBERG / NRK

Overvelda av støtta

Ellen var lenge usikker på om prosjektet ville la seg gjennomføre. Ho starta på koreografien i januar, i håp om at Ingebjørg Bratland ville bidra med å dele sin versjon av Nordahl Griegs tonesette dikt «Til ungdommen.»

Til Ellen si store glede svarte Ingebjørg Bratland ja til å bidra i prosjektet.

– Framføringa hennar i Oslo Domkirke i 2011 står framleis sterkt i minne, det trur eg ikkje eg er aleine om å føle.

Korona gjorde prosjektet meir krevjande enn nødvendig. Ikkje berre måtte koreografien tilpassast 1-metersregelen, men alle dansestudio i Trondheim var stengde fram til mars.

– Eg visste at vi hadde dårleg tid før alt av koreografi måtte vere innøvd, og tanken på dette tok mykje energi og krefter. Eg var aldri heilt sikker på om prosjektet kom til å komme i hamn denne våren. Det var ikkje før 1. mai, når vi stod klare til å bli filma, at eg skjønte at dette kom til å gå.

Alle dansarane som var med på prosjektet, er studentar og frivillige danseinstruktørar ved NTNUI dans. I denne tida var dei inne i den mest hektiske perioden i semesteret, og nokre hadde eksamen berre dagar etter innspelinga.

– Ikkje berre er dei dyktige dansarar, dei har og hjarte av gull, seier Ellen.

Ho er og takksam ovanfor Støttegruppa 22. juli Nordvest, og kjærasten Lage.

– Støttegruppa har støtta prosjektet med midlar, og vore til god hjelp i sjølve prosessen. Kjærasten min Lage har og støtta meg heile vegen og bidratt på mange måtar.

Ellen er overvelda over støtta dei rundt ho har vist.

– Eg kjenner meg ekstremt heldig som har hatt disse flotte menneska i ryggen heilt sidan start, og eg er stolt over å ha klart å gjennomføre prosjektet, til trass for kor krevjande det har vore.

Under innspilling av dansevideo.

INNSPELING: Ellen (t.v.) under innspelinga av dansevideoen. Dei andre dansarane er alle studentar og frivillige ved NTNUI dans i Trondheim som ønska å bidra i Ellen sitt prosjekt.

Foto: Lage Hoel Haadem

– Blir inspirert av Guro

Ti år etter terroren, hugsar Ellen framleis lite av den første tida etterpå.

– Det var som å vere i eit mareritt. Eg klamra meg fast til håpet om at søster mi var i live. Eg kjende det fysisk i kroppen, det knytte seg i brystet, eg vart fort sliten, og kroppen kjendest tyngre ut enn før.

I dag er ho 24 år, og utdanna fysioterapeut. Under studietida i Trondheim var ho engasjert i dansemiljøet i byen, og instruktør i NTNUI dans, der ho har undervist heilt fram til no.

Ellen fortel at Guro enda inspirerer henne på mange måtar.

– Guro hadde eit veldig stort pågangsmot, og eit stort engasjement. Det har inspirert meg til å oppnå mine eigne mål.

Ellen omtaler Guro som talaren i familien. Sjølv brukar ho kroppsspråket i dansen til å formidle sine kjensler.

– Eg ville vise fellesskapen og kjærleik. Det at vi dansar i ein ring symboliserer fellesskapet, at vi står saman, og støttar kvarandre. Rosene symboliserer rosehavet som var i ettertid.

Ellen Vartdal Håvoll

TAKKSAM: Ellen kjenner seg heldig som har så mange gode støttespelara rundt seg.

Foto: Marius Andrè Jenssen Stenberg / NRK

LES OGSÅ: – Hun var engasjert og målbevisst

– Vi må fortelje det slik som det var

10-års markeringa er tung for familien, men Ellen er ikkje redd for å heve stemma og snakke om terroren som tok søstera sitt liv.

– Vi må halde fram med å minnast og markere. Vi må stå opp mot haldningane som dreiv gjerningsmannen, og fortelje vidare det som skjedde slik det var. Det var eit angrep på Arbeidarpartiet, AUF og på demokratiet vårt. Det er ikkje noko ein kan leggje skjul på.

Ellen ilag med kjærasten Lage Hoel Haadem.

EI HAND Å HALDE I: Kjærasten Lage Hoel Haadem er ei god støtte for Ellen.

Foto: MARIUS ANDRÈ JENSSEN STENBERG / NRK

LES OGSÅ: Guro og Kristoffer ble sammen 21. juli – fikk under ett døgn som kjærester

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL