NRK Meny
Normal

Må sette inn ekstra nattevakter i påska

I natt var det så mange fulle folk inne på 7 Eleven i Ålesund at politiet måtte stenge kiosken. Dagleg leiar vil sette inn ekstra mannskap i helga.

7 Eleven

Det var så mykje fulle folk i butikken i natt, at politiet stengde den ei stund.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det er akkurat når utestadane stenger og folk vil kjøpe nattmat før heimturen at det plar oppstå bråk og kvalme. I 03-tida i natt var det så mange folk inne på 7 Eleven i Keiser Willhelmsgate i Ålesund samstundes, at beteninga miste kontrollen. Politiet valde å stenge kiosken ei stund.

– Vi ser dette ofte i helgene og i høgtider. Og det er ikkje alle som kjem inn for å handle. Nokre har andre motiv og oppfører seg ikkje særleg hyggeleg, seier Ole Bjørn Harang. Han er operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

I natt har vore ei heilt vanleg natt for politiet med mykje folk som har vore ute på fest. Ein del har fått i seg for mykje alkohol og laga bråk.

Dagleg leiar ved 7 Eleven, Hildur Støylen, tok over drifta i oktober i fjor. Ho seier at det har gått overraskande greitt i helgene, med tanke på kor mange folk som er ute på fest. Etter nattas hending, set dei no inn ekstra mannskap i påska.

– Fredag og laurdag vert det dobbelt opp med vakter og vi sjølve kan rykke ut på fem minutt, seier Støylen. Ho synest det var greitt at politiet stengde butikken i natt og seier det var lurt å ta det i forkant før noko skjedde.