NRK Meny
Normal

Låg interesse for sesongkort i bakken

Ein dårleg vinter i fjor skapte problem for fleire av skisentera. Så langt har interessa for sesongkort vore laber.

Stranda skisenter

Folk nølar med å kjøpe sesongkort i skibakken og har fjorårets snømangel friskt i minne.

Foto: Stian Græsdal

Med fjorårets vinter friskt i minne, der mange knappast nok fekk brukt sesongkortet sitt i bakken på grunn av snømangel, nølar folk med å kjøpe kort.

Odd Skjegstad ved Ørskogfjell skisenter seier at folk ventar både med å kjøpe sesongkort og skiutstyr. Ørskogfjell skisenter har så smått byrja å selje sesongkort utan stor suksess.

– Folk er usikre på om det blir snø og vil vente, seier Skjegstad. NRK har gjort ei ringerunde til ulike skisenter i fylket og tonen er den same.

LES OGSÅ:

Stranda skisenter har hatt betre lukke med sal av sesongkort. Billett og bookingansvarleg Line Drege trur mange er spente på om det kjem meir snø enn i fjor.

– Vi håper på ein snørik vinter med mykje snø og alle heiser i drift kvar einaste dag, seier Drage. Dei håper å kunne opne skisenteret 13. desember, men då bør kulden snart kome.