Hopp til innhold

Lærlingordninga er under press

Krisetider for næringsliv og industri legg stort press på lærlingordninga.
2323 ungdommar er ute i laupande lærekontraktar i bedrifter i fylket, men talet går ned.

Lærlinger på Midsund Bruk

Illustrasjonsfoto: Talet på lærlingplassar i Møre og Romsdal minkar. Her er lærlingar ved Midsund Bruk.

Foto: Gunnar Sandvik

Det blei oppretta 170 færre nye lærlingplassar det siste året enn tidlegare. Inger Anita Sjømæling, seksjonsleiar i fylkeskommunen, fryktar at det kan blir det tøffare å få bedriftene til å halde oppe dette samfunnsansvaret framover.

– Som følgje av nedgangstidene innanfor industrien ser vi at vi har problem med å skaffe nok lærlingplassar til årets lærlingar, seier ho.

Lærlingordningar har tradisjonelt fungert svært bra i Møre og Romsdal, men oppdragstørken innanfor industri og næringsliv rammar også dei unge lærlingane.

– Det er rett og slett mangel på arbeid i dei store næringane som verft- og oljeindustrien. Mange bedrifter er prega av permitteringar og oppseiingar, og då vegrar dei seg for å ta inn lærlingar, seier Sjømæling.

Viktig å ta vare på lærlingordninga

Odd Kåre Amundsgård

Odd Kåre Amundsgård meiner at lærlingar er ein del av den langsiktige filosofien i ei bedrift.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Kleive Betongbygg i Molde har hatt ein lang tradisjon med å satse på lærlingar, også i tunge tider.

– Det betyr alt for bedrifta å kunne lære opp folk sjølv. Det er ein del av den langsiktige filosofien om å lære opp folk heile tida. Dei tilsette blir pensjonerte etter kvart, og då må vi ha nye folk å erstatte dei med, seier Odd Kåre Amundsgård, dagleg leiar i Kleive Betongbygg. Han er også NHO sin representant i yrkesopplæringsnemnda.

– Det er viktig å ikkje la det stoppe opp og sørge for at ikkje nokon grupper fell utanfor, seier han.

Martin Hagen lærling

Lærling i Kleive Betongbygg Martin Hagen er svært fornøgd med lærlingordninga. Her i arbeid med å bygge bro over Kringstadelva.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Martin Hagen er lærling og har snart fagbrevet i boks etter fullført løp ved Kleive Betongbygg. Han er svært fornøgd med lærlingordninga.

– Det har vore ei veldig god utdanning. Eg får prøvd mange forskjellige arbeidsoppgåver og har fått god oppfølging, så no gler eg meg til å ta fagbrevet, seier han.

Må tenke kreativt

Arbeidarpartipolitikar Hanne Notøy har sjølv vore lærling og brenn spesielt for lærlingordninga. Ho enda sjølv opp med fast jobb i Ulstein elektro etter fullført lærlingtid. Ho er uroa for at entusiasmen for å ta inn ny lærlingar ikkje er like stor som den har vore.

Inger Anita Sjømæling og Hanne Notøy

Inger Anita Sjømæling og Hanne Notøy meiner at kommunane og næringslivet må bli flinkare til å ta inn lærlingar.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Delar av næringslivet i Møre og Romsdal er no nede i ein bølgedal, men vi må ikkje gi opp for det. Vi må tenke kreativt og jobbe for at desse ungdomane skal få oppfylt draumen sin om å stå med eit fagbrev i handa, seier Notøy.

– Som politikar har eg eit ansvar for å vere med på å tenke desse kreative tankane. Samtidig håpar eg at mange næringslivsleiarar ser kor kviting det er å ta på seg samfunnsoppdraget med å hjelpe til å utdanne desse ungdomane, held ho fram.

Ho får støtte av Inger Anita Sjømæling.

– Kommunane kan bli betre. Og kanskje må ein særleg appellere til kommunane no når det er nedgang i andre fag, slik at dei tek eit større ansvar for å få lærlingar inn i kommunen, seier ho.