Hopp til innhold

Opprør i Ålesund mot skulekutt

Foreldre og lærarar i Ålesund reagerer med sinne og vantru på forslaget om å kutte 50 stillingar i skulen. Fryktar dette vil gå mest utover svake og sårbare elevar.

Lærar ved Hatlane skole er frustrert.

OPPRØR: Lærar ved Hatlane skule i Ålesund, Elizabeth Rasch Solbak, varslar opprør blant lærarane.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Eg håper kommunen forstår at dei ikkje kan gjennomføre dette. No er det opprør blant oss lærarane, seier Elizabeth Rasch Solbak.

Den nye storkommunen, Ålesund, må kutte 50 av 800 stillingar for å spare pengar. Kutta omfattar både lærarar, assistentar og miljøarbeidarar.

Dei økonomiske utsiktene for Ålesund er dystre. Kommunen kan få eit underskot på 200 millionar kroner dersom det ikkje blir kutta i drifta.

For skulesektoren handlar det om innsparingar på 29 millionar kroner.

Ine Enoksen. Leiar for utdanningsforbundet i Ålesund.

BEKYMRA: Ine Enoksen i utdanningsforbundet seier dei vil følgje kva som skjer med alle stillingane som blir kutta i Ålesundsskulane.

Foto: Privat

– Når dei kuttar med 50 stillingar, så vil det gå ut over elevane. Lærarane vil få mindre moglegheiter til å følgje opp elevane. Det gjer noko med læringsmiljøet på skulen, seier Ine Enoksen i Utdanningsforbundet i Ålesund.

Vil ha debatt om skulen

Varaordførar i Ålesund, Vebjørn Krogsæter (Sp), seier det er synd å gå inn i ein ny kommune med eit så dårleg utgangspunkt.

– Det er dårleg for samhaldet i den nye kommunen, at ein går inn med så dårlege økonomiske føresetnadar. Kutt i skulesektoren er uønskt, seier Krogsæter.

Inntil årsskiftet var han ordførar i Haram kommune, som no har gått inn i Ålesund. Haram valde å satse på skulen. Dei brukte mykje pengar på spesialundervising. Løysinga var å tilsetje fleire lærarar, slik dei kunne vere to lærarar til stades i undervisinga.

– Vi valde å organisere skulen vår på denne måten. Eg meiner dette har hatt ein god effekt, resultatet vart mindre spesialundervising, seier han.

Krogsæter saknar ein debatt om korleis skulane i Ålesund skal drivast.

Vebjørn Krogsæter

VIL HA DEBATT: Varaordførar i Ålesund, Vebjørn Krogsæter, saknar ein debatt om kva for skuletilbod dei ønskjer å gi i kommunen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Mi erfaring er at måten vi gjorde det på i Haram fungerte godt. Det er betre å bruke ressursane i eit samla klassemiljø, enn å ta elevar ut av klassen for å gi den undervising, seier han.

Foreldre fryktar for dei svakaste elevane

Spjelkavik barneskule er ein av dei største skulane i kommunen med over 600 elevar. Dei må kutte med sju årsverk.

Leiar Kine Strømsnes i Foreldrearbeidsutvalet (FAU) ved skulen er uroa for at kutt vil råke dei elevane som treng mest hjelp.

– Spjelkavika har sagt at dei ikkje vil kutte i lærarar, men assistentar og miljøarbeidarar. Det er desse som hjelp dei svakaste elevane, og det er desse vi fryktar kutta vil råke hardast, seier Strømsnes.

Kine Strømsnes, leiar FAU.

FAU: Kine Strømsnes, som er leiar i FAU for Spjelkavik barneskule, fryktar det går ut over dei svakaste elevane.

Foto: Privat

Ho rosar skuleleiinga og lærarane som gjer så godt dei kan i denne situasjonen, og synest det er merkeleg at kommunen må kutte i skulesektoren.

Kutta er nødvendig

Kommunalsjef Bjørn Ivar Rødal har ansvaret for opplæring Ålesund. Han seier han forstår at situasjonen er tøff.

Bjørn Ivar Rødal

NØDVENDIGE KUTT: Kommunalsjef i Ålesund med ansvar for oppvekst, seier kutta i skulen er nødvendige for å berge økonomien i Ålesund kommune.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Eg har stor forståing for at dei tilsette i skulen synest situasjonen er krevjande. Men kutta er nødvendig. Dei skal likevel ikkje påverke dei svakaste elevane, seier han.

Rødal understrekar at kutta ikkje må føre til ein situasjon der kommunen bryt lovverket, det vil seie krava som er sett i opplæringslova. Den har eit minstekrav når det gjeld tal på lærarar per elev.

Han håper dei slepp å seie opp tilsette som følgje av innsparinga. Ein del skal av med pensjon og nokon skal ut i permisjon. Men det kan ende med at nokon blir flytta over til ein annan skule.