NRK Meny
Normal

Lærarar i demonstrasjonstog mot KS

Om lag 700 lærarar samla seg i Ålesund torsdag for å demonstrere mot det dei kallar skroting av arbeidsavtale.

Lærarane vil berre arbeide på skulen når elevane er der og ikkje etter at dei har fått sommarferie. Dette er kjernen i striden mellom lærarorganisasjonane og kommuneorganisasjonen KS. Motstanden mot arbeidsgivaren fører no til demonstrasjonar.

Lærarane vil berre arbeide på skulen når elevane er der og ikkje etter at dei har fått sommarferie. Dette er kjernen i striden mellom lærarorganisasjonane og kommuneorganisasjonen KS. Motstanden mot arbeidsgivaren fører no til demonstrasjonar.

– KS vil gje rektorane makta

Iris Heltne

Iris Heltne er initiativtakar bak lærardemonstrasjonen i Ålesund. Det har vore fleire liknande protesttog andre stader i landet.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Lærarane er redde for å miste styring over arbeidstida si.

– KS fortel at dei ikkje lenger krev at lærarane skal ha 45 vekers skuleår. Men dei går ikkje tilbake på drøftingsretten. Dei vil framleis at rektorane skal kunne styre arbeidstida vår, seier Iris Heltne som er lærar på Borgund vidaregåande skule i Ålesund.

Ho ser ikkje vekk frå streik som ein mogleg reaksjon dersom protestane ikkje fører fram.

– Det er vanskeleg å seie. Streik er det einaste lovlege forhandlingsmiddelet vi har oppe på forbundsnivå, samstundes så er jo dette ein grasrotaksjon.

– Tid til elevane

Lærardemonstrasjon

Torsdag gjekk lærarar i protesttog mot KS sitt forslag til ny arbeidstidsavtale.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

I demonstrasjonstoget under parolane "Tid til elevane", "Kvalitet kostar pengar", og "Kvalitet krev tid" gjekk også Sirikit Vågen som er lærar på Volda ungdomsskule. Ho seier det dreier seg om å ha god nok tid til å gjennomføre arbeidsoppgåvene i skuleåret.

– Vi vil ha god nok tid til både for- og etterarbeid. For å kunne gje god undervisning må ein vere førebudd. Det må vere ferskvare og vi må kunne oppdatere oss, seier Vågen til NRK.

– Vi kan ikkje sitje om sommaren å planleggje ein samfunnskunnskapstime som skal haldast i november, legg ho til.

Ungdomsskulelæraren fryktar også at det ikkje vil bli god nok tid til kvar elev.

– Vi må kunne fange alle elevane som sit i eit klasserom. Det er 25–30 elevar i kvar klasse som krev forskjellig opplegg, og det kan vi gje dei – om vi får tid.