Hopp til innhold

Lærarar gjekk ned fleire tusen kroner i løn etter kommunesamanslåinga

BRATTVÅG (NRK): Fleire lærarar har gått ned i lønn i den nye storkommunen Ålesund. – No ser ein kostnaden ved kommunesamanslåingar, seier Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Christian Lilleng

GÅR NED I LØN: Christian Holstad Lilleeng er faglærar ved Brattvåg ungdomsskule i Ålesund kommune.

Foto: Malin Kjelstadli Korsnes / NRK

I slutten av oktober fekk Christian Holstad Lilleeng og lærarkollegaene hans ei keisam nyheit. Dei går ned i løn.

– Eg blei rett og slett sett ut. Eg tenkte at det ikkje vere mogleg. Etter kvart gjekk det over til sinne. Det kjennest urettferdig, seier læraren ved Brattvåg ungdomsskule.

Han får 6000 kroner mindre i året sjølv om han gjer den same jobben i den nye storkommunen. Han veit at andre kollegaer taper opp mot 10.000 kroner, og folk er sjokkerte.

Ekstra provoserande meiner han det er at fleire toppleiarar i kommunen har fått auka si løn.

Det var bladet Fri Fagbevegelse som først omtalte saka.

Brattvåg ungdomsskole

I NY KOMMUNE: Brattvåg ungdomsskule ligg i tidlegare Haram kommune, no i Ålesund.

Foto: Malin Kjelstadli Korsnes / NRK

Like avtalar

1200 personar jobbar i undervisningsstillingar i nye Ålesund kommune. Stabssjef for personal og organisasjon i Ålesund kommune, Roar Reiten, seier at det var behov for å harmonisere ei rekkje avtalar etter at fem kommunar vart ein.

Det vil seie at avtalane blir like for alle, slik som til dømes kompensasjon for å vere kontaktlærar. Ein del av funksjonstillegga er også fjerna. Reiten seier at enkelte har fått meir samanlikna med i fjor, andre mindre.

– Eg forstår at det ikkje er like hyggeleg når det slår ut den vegen, seier Reiten.

Han seier at funksjonstillegga for lærarane uansett vil variere, fordi funksjonane blir tildelte kvart skuleår, men at summen totalt sett for kommunen er lik.

– Grunnen til at toppsjefane har høgare løn er fordi dei har søkt på og er tilsett i nye stillingar i ein ny og større organisasjon med meir ansvar, seier Reiten.

FORSTÅR: – Eg forstår at det ikkje er like hyggeleg når det slår ut den vegen, sier stabssjef for personal og organisasjon i Ålesund kommune, Roar Reiten.

FORSTÅR: – Eg forstår at det ikkje er like hyggeleg når det slår ut den vegen, seier stabssjef for personal og organisasjon i Ålesund kommune, Roar Reiten.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Meir byråkrati og dyrare gebyr

Stortingsrepresentant Trygve Slagsvold Vedum (Sp) hevdar det er eit stort problem i samanslåtte kommunar at leiarløningane har eksplodert, medan vanlege arbeidsfolk opplever det motsette.

– Det har blitt meir byråkrati, dyrare gebyr og høgare leiarløningar, seier Vedum. Han meiner at regjeringa må slutte å tvinge gjennom fleire kommunesamanslåingar.

Ein rapport frå Forbrukarrådet viser at i halvparten av dei nye kommunane har det blitt dyrare kommunale gebyr.

– Eg åtvara sterkt mot det. No ser ein kostnaden, seier Vedum.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

KOSTNADEN: Stortingsrepresentant Trygve Slagsvold Vedum (Sp) meiner at ein no ser kostnaden med kommunesamanslåingane.

Foto: Terje Bendiksby

Meiner det ikkje er grunnlag for meir byråkrati

Statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Paal Pedersen, seier at det kan vere krevjande å harmonisere både tenester, reglement, lønns- og arbeidsvilkår når nye kommunar slår seg saman.

– Lønnsvilkår i kommunesektoren er eit forhold mellom partane i kommunesektoren, seier Pedersen.

Pedersen meiner det ikkje er grunnlag for å seie at kommunereforma fører til meir byråkrati.

– Erfaringar frå kommunar som tidlegare har slått seg saman er at dei opplever midlertidig auke i administrasjonsutgifter, men at desse etter kvart blir redusert, seier han.

Statssekretær Paal Pedersen Kommunaldepartementet

KREVJANDE: Statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Paal Pedersen, seier at det kan vere krevjande å harmonisere både tenester, reglement, lønns- og arbeidsvilkår når nye kommunar slår seg saman.

Foto: Heather Ørbeck Eliassen / NRK

Korona gir meirarbeid

Lilleng er faglærar og underviser over 60 elevar i fleire klasser. Før fekk han tillegg for dette, men no er det fjerna. Dermed går han frå 600.900 kroner i årsløn til 594.900 kroner.

– No er det ekstra innsats på grunn av korona og vi jobbar ekstra timar på grunn av det. Så er takken at vi går ned i løn i staden for opp, seier læraren som også er hovedtillitsvalgt for Skolenes landsforbund.

Han meiner saka er prinsipiell og trur ikkje Ålesund er den einaste samanslåtte kommunen der tidlegare avtalar vert sagt opp.

– Eg skjøner kommunen, for det er eit samansurium av ei anna verd, men dei må gå ei runde med seg sjølv og sjå på avtalane, seier Lilleeng.

Christian Holstad Lilleeng er faglærar ved Brattvåg ungdomsskule i Ålesund kommune.

URETTFERDIG: Christian Holstad Lilleeng synest lønnsnedgangen er urettferdig.

Foto: Malin Kjelstadli Korsnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL