Hopp til innhold

Lærarane klarte å stoppe bråket på skulebussen

STORETVEIT SKOLE, BERGEN (NRK): Uro og herjing gjorde at både elevar og sjåførar kjende seg utrygge på skulebussane. Så bestemte lærarane seg for å gjere noko.

Læraren Christoper Birks utanfor skulebussen

Læraren Christoper Birks har hatt ei nøkkelrolle i det målretta arbeidet med å få vekk mobbing og uro på skulebussane. Kvar dag følgjer han elevane til bussen.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Regel nummer ein? Har alle setebeltet på? ropar lærar Christoper Birks spørjande innover skulebussen.

– Ja! ropar elevane umiddelbart tilbake.

– Regel nummer to? Ikkje bruke ringeklokka utan at vi skal ...?

– ...av! stemmer elevane i.

Christoper Birks

Lærar Christoper Birks ved Storetveit skole seier det har stor effekt at han er saman med elevane frå skuleslutt og til bussen går.

Foto: Mette Anthun / NRK

Klokka er 14.50. Etter at siste time ringde ut, har ungdomsskulelæraren med den lange hestehalen tatt på knallgul refleksvest, og følgt tenåringane frå skulen, opp til busshaldeplassen og heilt inn på bussen.

Nokre har framleis litt uro i kroppen, men dei fleste fell til ro på plassane sine. Birks småsnakkar med sjåføren og nokre av elevane, og vinkar dei så av garde før han går ned igjen på skulen.

Denne daglege rutinen har endra miljøet på skulebussane totalt.

Les også:

Måtte ta tak

For fem år sidan var problema så store at elevar grudde seg til heimturen med skulebussane, og sjåførar klaga på arbeidsmiljøet. Det var ifølgje Birks mobbing, roping, herjing, plinging med stoppsignalet og generell dårleg framferd.

Christoper Birks snakkar med elevane

Læraren Christoper Birks slår gjerne av ein prat med elevane medan dei ventar på bussen. Han meiner at elevane blir rolegare av å ha ein vaksen i lag med seg.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

– Før hadde vi eit forholdsvis røft bussmiljø her, og då var det tilfelle då eg rett og slett måtte plukke opp elevar frå golvet for å unngå at dei skulle bli trakka på, seier Birks.

Kjenner seg tryggare

Etter at lærarane bestemte seg for å følgje elevane til bussen, har problema løyst seg.

Eirik Solberg og Mathias Myrmel Herdlevær

Eirik Solberg t.v. og Mathias Myrmel Herdlevær syns det er flott med vakt på bussen. Det gjer at dei kjenner seg tryggare.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Og dagens elevar har berre høyrt om korleis det var å ta bussen heim frå skulen før dei begynte. Dei er veldig godt fornøgde med at læraren blir med dei til bussen.

– Då er det liksom ingenting gale som skjer, seier niandeklassingen Mathias Myrmel Herdlevær.

– Det har mykje å seie, fordi dersom det skulle oppstå noko, så veit ein at dei er i nærleiken. Ein kjenner seg tryggare, seier kameraten Eirik Solberg.

Politiet og busspassasjerar
Foto: Jens Ødegård Henden

Rosar tiltaket

Ein bussjåfør i Kristiansund blei nyleg meld til politiet. Han blei så lei av misbruk av stoppsignalet, at han nekta å setje av elevane før på siste stoppestad. Også andre stader i landet opplever bussjåførar skulerutene som svært utfordrande. Nokre gruer seg til å gå på jobb, og meiner dei blir mobba.

Bussjåfør Grzegorz Zielinski meiner opplegget til Storetveit skole er glimrande.

Grzegorz Zielinski

Bussjåfør Grzegorz Zielinski i Tide er svært glad for at skulen sette inn vakter. Han seier arbeidskvardagen er heilt annleis enn før.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

– Det var mykje verre utan vaktene. No er det kjempebra, eg er veldig fornøgd, seier han.

No oppfordrar bergenselevane andre til å lære av dei, og meiner lærarane bidrar til ein langt betre tur heim.

– Dei unngår at det blir mykje bråk. Dei passar på at folk har det hyggeleg utan at det blir alt for mykje tulling, slik at folk kjenner seg trygge, slår Eirik Solberg fast.