Hopp til innhold

Læraren har ekstrajobb for å klare seg økonomisk

Åleinemora har helgejobb i tillegg til full lærarstilling for å få det til å gå rundt. Tal frå SSB viser at prisane har stige med heile 7,5 prosent dei siste tolv månadane.

Mildrid Skogtrø

KREVJANDE: Mildrid Skogtrø er åleine med tre barn frå 7–11 år. Ho har tatt ein ekstrajobb i rusomsorgen for å spe på inntekta.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Rundt kjøkkenbordet på Moa i Ålesund er det tid for lekser. Barna har den beste leksehjelpa, for mamma Mildrid Skogtrø er sjølv barneskulelærar.

Den siste tida har ho verkeleg fått kjenne prisstiginga på lommeboka.

– Matprisane har skote i vêret og dieselprisane er jo ufatteleg høge, seier Skogtrø.

Ho er åleinemor og i mars kjøpte ho blokkleilegheit til seg og barna for tre millionar kroner.

No betalar ho 19.000 kroner i månaden berre i buutgifter. I tillegg kjem straum, drivstoff, bompengar, forsikringar og alt anna.

Mildrid Skogtrø retter skuleoppgåve

Mildrid Skogtrø jobbar som lærar. Ho har skaffa seg ein ekstrajobb i rusomsorgen for å få det til å gå rundt økonomisk.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Auka prisar

Prisane i Noreg var 7,5 prosent høgare i september enn for eitt år sidan, ifølge Statistisk sentralbyrå (SSB). Dette er den høgaste prisveksten i Noreg på lang tid.

Frå september til oktober steig prisane 0,3 prosent, ifølge konsumprisindeksen til SSB. Denne viser prisutviklinga på varer og tenester frå førre månad.

Sterkast vekst har matvarer og alkoholfrie drikkevarer, som er opp 13,1 prosent på eitt år. Prisveksten dei siste månadane er den raskaste sidan 80-talet.

Espen Kristiansen

Seksjonssjef Espen Kristiansen i SSB seier at prisveksten held fram med å stige frå allereie svært høge prisar.

Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRK

– Det er prisvekst på dei aller fleste varer og tenester, og den aukar meir enn den har gjort tidlegare. Prisveksten held fram med å stige frå allereie svært høge nivå. Det er spesielt prisutviklinga på straum, mat og drivstoff som bidreg til at prisane blir løfta til 7,5 prosent i oktober, seier seksjonssjef Espen Kristiansen i SSB.

Norges Bank har eit mål om at prisane ikkje skal stige meir enn to prosent i året (inflasjonsmålet). Styringsrenta har difor blitt sett raskt opp for å få ned prisstiginga. Men Kristiansen trur ikkje rentehevinga har hatt full effekt endå.

– Rentene har nok byrja å påverke folk sin økonomi, men det har ikkje dempa etterspurnaden så mykje at prisveksten har bremsa opp.

Høg prisvekst

Eit viktig mål på prisstiginga er kjerneinflasjonen, som er prisstiginga utanom avgifter, drivstoff og energiprisar. Denne er på 5,9 prosent det siste året.

– Det er opp frå 5,3 prosent i september. Dette er tal vi aldri har sett sidan vi starta med indikatoren i 2001, seier Kristiansen.

Han tør ikkje å spå korleis prisane vil utvikle seg inn mot jul.

– Vi pleier å sjå at matprisane fell noko utover hausten. Det har vi ikkje hatt i så stor grad i år, og det er noko av grunnen til den høge prisveksten som vi no har.

Jarle Hammerstad, direktør for bransjepolitikk i Virke, meiner at den beskjedne nedgangen har ein samanheng med auka kostnader.

– Daglegvarekjedene har sidan i sommar opplevd ei prisauke frå leverandørane knytt til energi, drivstoff, gjødsel og råvareprisar. Det har også blitt dyrare å drive butikk, særleg på grunn av straumprisane, seier Hammerstad.

Jarle Hammerstad i Virke, leder bransjepolitikk. Portrettbilde

Jarle Hammerstad, direktør for bransjepolitikk i Virke, seier at auka kostnadar har prega mat- og drikkenæringa dei siste månadene.

Foto: Virke

Har to jobbar

For at trebarnsmora i Ålesund skal få det til å gå rundt økonomisk har ho skaffa seg ekstrajobb. Det betyr at ho tek vakter i rusomsorgen når barna er hos faren.

– Det skulle ikkje vere nødvendig med ekstrajobb i eit av verdas rikaste land, seier Skogtrø.

Helgejobben gjer at ho slepp å ligge vaken og bekymre seg for pengar. Det er også fleksibelt, slik at ho sjølv kan bestemme kor mange vakter ho vil ha.

Du kunne ikkje ha kjøpt ein billegare bustad då?

– Eg hadde moglegheit til å kjøpe meg eit billegare rekkehus, men når du er åleine er det meirarbeid med vedlikehald og måking. Og eg må bu der barna går på skule, seier Skogtrø.

Les også Rammes av både prisvekst og økte renter: – Må finne på ting som ikke koster penger

Asbjørn Sortevåg Skodjevåg står i det som skal bli kjøkenet på det nybygde huset sitt. Gestikulerer til kvar høgskapa skal stå når alt er ferdig. Bak han ser vi veggane som er i ferd med å bli sparkla og reiskapar handtverkarane har lagt att. Utanfor det store vindauget ser vi eit stillas.

Ser dystert på framtida

Sjølv om åleinemora sper på inntekta si, må ho vere påpasseleg med pengebruken og planlegge innkjøp og aktivitetar.

Mildrid Skogtrø

Mildrid Skogtrø trur mange vil få det utfordrande om prisauken held fram.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Kino har vi droppa. Det kostar oss tusen kroner, seier Skogtrø.

Ho veit at mange andre har det på same måte. I vennekretsen er det fleire åleineforeldre som har det tøft økonomisk. Skogtrø trur ikkje det blir lettare framover.

– Eg klarer meg, men det hadde vore verre dersom eg berre hadde ein jobb. Men eg vil ikkje verke fattig. Vi har så vi klarer oss, seier sunnmørskvinna.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL