Hopp til innhold

Lady-eventyret har blitt bok

I 20 år har musikalen om Lady Arbuthnott trekt fulle hus på Sunndalsøra. No har historia blitt bok.

Lady Arbuthnott

Musikkspelet om Lady Arbuthnott har vore svært populært. Den skotske overklassekvinna budde i Sunndal i rundt 30 år.

Foto: Ken Opprann

Barbara Arbuthnott, var den skotske overklassekvinna som levde ein stor del av livet sitt i Sunndalen. Ho levde eit eventyrleg liv og arrangerte storslåtte festar. Ladyen opplevde også store tragediar i livet. Sidan 1996 har spelet Lady Arbuthnott blitt oppført på Sunndalsøra. Fredag lanserte Sunndalingen Arne Ulvund bok om den store teaterbragda på Sunndalsøra. Boka har fått namnet Barbara.

– Det har vore ein diskusjon om ho var Lady. Men vi kallar henne det. Ho var overklasse så det heldt og kom hit med hoffet sitt frå Skottland. Ho vart ein del av lokalsamfunnet og har sett spor etter seg, fortel forfattaren, Arne Ulvund.

Arne Ulvund

Arne Ulvund har skrive bok om Lady Arbuthnott og musikkspelet på Sunndalsøra.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Forholdet tok slutt

Det var den 3. ektemannen hennar, William Arbuthnott, som fekk henne til Sunndal. Han likte å fiske laks og tok henne med på bryllaupsreise til Sunndal. Etter kvart skar forholdet seg og han drog tilbake til Skottland, medan ho vart att.

– Det var ei skandale og kunne eigentleg ikkje kome tilbake. Det hang også saman med at ho gjekk konkurs, seier Ulvund. Ladyen hadde ein elskarar, og også det var heilt uhøyrt.

Namna på alle som er med

Boka hans handlar mest om musikkspelet om Lady Arbuthnott. Ulvund har prøvd å få med seg glimt frå alle åra stykket har vore sett opp. Det har vore litt av ein jobb å få med alle namna på dei som har bidratt med alt frå sminke til scenebygging, og Ulvund har lage ein eigen namnekatalog.

Ulvund meiner det er ein paradoks at det er ei engelsk overklassekvinne som har blitt industribygdas ikon.

– Det har med at Barbaras historie er allmenn som handlar om ung dårskap, luksus og det store fallet, seier Ulvund.

Viktig lokalhistorie

 Ole Magne Ansnes

Kultursjef Ole Magne Ansnes gler seg til den 21. utgåva av musikkspelet.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Torsdag 16. juni er det opning av årets musikkspel. Då vert det ein kulturfest i 10 dagar til ende.

– Det har vore mange skjer i sjøen for spelet. Det har vore turbulent, men regissør Pål Øverland, har gjort ein enorm jobb for å utvikle spelet, seier fortel kultursjef i Sunndal, Ole Magne Ansnes.

Spelet var i ei økonomisk knipe, men kommunen gjekk inn med pengar. Ansnes meiner at boka som no kom ut, er eit viktig lokalhistorie.

– Du kan lese boka frå A til Å, men den er også eit oppslagsverk. Det er 500 sunndalingar som finn namnet sitt der, seier kultursjefen.