Hopp til innhold

– Ikkje alle har det like godt som oss

Under julegrana i Sykkylven ligg det tett i tett med gåver. Dei skal glede born som ikkje har like mykje som borna i Noreg.

Julegrantenning i Sykkylven, der folk gir gåver til Baltikumhjelpen

Gjevargleda var stor under julegrantenninga i Sykkylven.

– Ikkje alle born i andre land har det like godt som oss, seier venninnene Malene Sulen (10) og Sofie Kolås (8).

Dei er to av mange born som under den årlege julegrantenninga i Sykkylven la frå seg gåver under treet.

Send bilete av julegrantenninga der du er til mr@nrk.no

– Det er betre dei får julegåvene

Julegrantenning Sykkylven

Fleire hadde møtt opp for å vere med på julegrantenninga i Sykkylven sentrum laurdag.

Foto: Jannicke Farstad / NRK
Julegrantenning Sykkylven

Julegrana var fint pynta med personlege helsingar frå borna.

Foto: Jannicke Farstad / NRK
Julegrantenning Sykkylven

Alle gåvene under treet vert sende av garde med lastebil til born som treng dei meir.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Alle gåvene som borna leverte inn under julegrantenninga i Sykkylven, skal snart verte sende til Baltikum.

– Det er betre at dei får julegåvene i staden for oss, er Malene og Sofie einige om.

Gåvene skal nemleg glede andre born. Dei vert sende til barneheimar i Baltikum.

– I Baltikum er det mange barneheimar med born som ikkje har like mykje som våre born har, fortel Geir Kvalvåg i organisasjonen Lions i Sykkylven.

– Det er kjekt at vi kan bidra med å samle inn og sende brukte leiker, brukte klede, nye ting og ting borna her har laga sjølve.

– Gjevargleda er veldig stor

Ein av dei som er i det gåvmilde hjørnet, er Elias Fauske (7).

– Eg har gitt ein sykkel, ei hoppeleike og lego, fortel han.

Dei gåvene skal inn i ein lastebil og køyrast nedover til barneheimane i Baltikum.

– Når bilen med julegåver kjem er det veldig stor glede for då veit dei at dei får det dei treng, fortel Sølvi Skynstad i «Baltikumhjelpen».

I tillegg til Sykkylven samlar organisasjonen inn julegåver frå fleire stader på Sunnmøre. Etter jul køyrer «Baltikumhjelpen» av garde med ein lastebil med 700-800 gåver.

– Gjevargleda er veldig stor. Vi er veldig takknemlege, seier Skynstad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL