Hopp til innhold

30 år sidan forliset – slik skal ein hindre at det skjer igjen

30 år etter skipet «Arisan» forliste og fleire hundre tonn olje trefte mørekysten, vil Kystverket etablere ein sjøtrafikksentral for å overvake alle skip i området.

Alv Ottar Folkestad er ornitolog og kjenner fuglelivet langs kysten godt. Natt til 12. januar 1992 vakna han av ein telefon om at eit skip hadde gått på grunn rett utanfor Noregs sørlegaste fuglefjell, og lak olje.

Alv Ottar Folkestad

Alv Ottar Folkestad har brukt mange år på å studere fuglelivet ute ved havet.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det å få ei slik beskjed om eit område som du har sett på og opplevd i 30 - 40 år, det er noko av det tøffaste eg har vore borti.

Arisan forliser
I 1992 gjekk det nederlanske skipet «Arisan» på grunn utanfor mørekysten.
Opprydding Arisan
450 tonn med svart, seig olje traff strendene rundt øya som er heim til det sørlegaste fuglefjellet i Noreg.
Arisan forlis
Tusenvis av sjøfugl døydde av oljesølet, medan frivillige kjempa mot forureininga.

Sjøtrafikksentralar skal passe på

Sidan den gong har Kystverket oppretta fleire sjøtrafikksentralar langs kysten. Desse har ansvar for å overvake trafikken og setje i gang redningsoperasjonar når det er nødvendig.

Jon Leon Ervik i Kystverket

Jon Leon Ervik i Kystverket meiner Arisan-forliset truleg ikkje ville skjedd med dei systema vi har i Noreg i dag.

Foto: Kystverket

Jon Leon Ervik i Kystverket fortel at dei først oppretta ein sjøtrafikksentral i Vardø, fordi dei oppdaga at ein del tankbåtar og andre båtar låg og dreiv utanfor norskekysten, slik som «Arisan».

– Eg meiner sjøtrafikksentralane, i dei områda vi har etablert dei, reduserer talet på ulukker og alvorlege hendingar, seier Jon Leon Ervik i Kystverket.

Ny sjøtrafikksentral

Men frå Måløy i sør, til Narvik i nord, har det hittil ikkje vore nokon eigen sjøtrafikksentral som har ansvar for å følgje ekstra godt med på skipstrafikken.

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, meiner det burde vore fleire av dei.

– Det er overraskande for meg at dei er så spreidde, og at ein har så stor tillit til systemet at Vardø skal ha ansvar for heile kysten.

Truls Gulowsen i Naturvernforbundet

Truls Gulowsen i Naturvernforbundet rosar dei som jobbar med sikkerheita til sjøs.

Foto: Naturvernforbundet

Gulowsen meiner også at det ofte er størst fokus på sikkerheit rett etter ei ulykke har skjedd. Han seier vi burde vere meir bevisste på trafikken som føregår på havet også utan at noko gale må skje.

– Vi ønsker oss jo eit samfunn der sikkerheita i sjøtrafikken ikkje er basert på at det heile tida skjer ulykker, seier Gulowsen.

Kystverket vil no opprette ei ny sjøtrafikksentral-teneste, som skal halde eit ekstra auge med området mellom Ålesund og Kristiansund, og truleg nord til Trondheim.

Eemslift Hendrika, Viking Sky og Kong Harald.

Lasteskipet Eemslift Hendrika, Cruiseskipet Viking Sky og Hurtigruta MS Kong Harald har vore i havsnaud utanfor vestkysten dei siste to åra.

Glad det ikkje gjekk verre

Ornitolog Alv Ottar Folkestad seier det var vondt å sjå fuglane som var tilgrisa i olje som «Arisan» slepte ut i havet.

– Du såg det i fuglefjellet, både på Krykkja, Havsula og ein del av alkefuglane. Du såg at dei var svartflekka og at enkelte av dei sleit.

Trass i at fleire tusen sjøfugl døydde, var det også fleire fugleartar som var på tur varmare stadar i januar, og dermed vart spart. Det er Folkestad glad for.

– Gudsjelov skjedde dette før fuglen hadde festa seg skikkeleg i fjellet. Hadde det skjedd seinare, eller oljen hadde blitt liggande, så kunne det blitt mykje, mykje, mykje, mykje verre.

Opprydding etter Arisan-forliset utanfor Runde i 1992

Frivillige jobba lenge for å rydde olja opp frå fjøresteinane. Det tok to månader frå skipet Arisan gjekk på grunn til det knakk i to og forsvann ned i havet.

Foto: Terje Bendiksby / NTB