Hopp til innhold

Kystverket ankar til lagmannsretten

Tingretten gav Vigdis T. Bye medhald på alle punkt om at ho urettmessig var fråteken arbeidsoppgåver i Kystverket. No blir dommen anka til lagmannsretten.

Rettsak Kystverket

Vigdis T. Bye (t.h.), her saman med advokat Katrine Hellum-Lilleengen, vann ein knusande siger mot sin eigen arbeidsgjevar i tingretten. No ankar Kystverket saka til Frostating lagmannsrett.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Det var Bye sjølv som gjekk rettens veg, då ho i fjor sommar meinte seg svært usakleg omplassert av kystdirektør Kirsti Slotsvik.

Forholdet mellom Bye og Slotsvik skal ha kjølna veldig etter omplasseringsforslaget. Dei to skal ha ryke uklar ei tid før omplasseringa.

Kystdirektøren meinte omplasseringa låg innanfor retten hennar som arbeidsgjevar. I tillegg blei det sagt at Bye over lang tid hadde vore uskikka for jobben.

Etter tre dagar i retten vann derimot Vigdis Bye ein knusande siger.

Rettssak Kystverket

Forsvarar Anne Marie Due (t.v.) og kystdirektør Kirsti Slotsvik.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Reagerte på intern e-post

I etterkant av rettssigeren fortalte Bye til NRK at det hadde vore ei svært tøff tid, samstundes som ho var klar på å gå tilbake i si opphavlege stilling.

Likevel var det klart at omplasseringsvedtaket var gjeldande fram til dommen var rettskraftig.

– Bye skal over i den andre stillinga fram til den ligg føre ein rettskraftig dom, sa Anne Marie Due, Kystverket sin advokat, etter dommen.

Dagen etter at Vigdis Bye hadde vunne i retten blei ho omplassert. Internt i Kystverket blei det kunngjort i ein e-post der det berre blei skrive at domsresultatet var at Bye skulle omplasserast. Det reagerte Bye sin advokat Katrine Hellum-Lilleengen på.

– Resultatet av dommen er at pålegget om omplassering er urettmessig og at ho (Bye, journ. anm.) dermed kan gå tilbake til si avdelingsdirektørstilling når dommen er rettskraftig, sa Hellum-Lilleengen.

Kystverket ankar

No kan ta det desto lengre tid før det skjer, for Kystverket ankar, fekk NRK opplyst onsdag.

I Sunnmøre tingrett fekk Vigdis T. Bye medhald på alle punkt i rettssaka mot eigen arbeidsgjevar.

No skal Frostating lagmannsrett ta stilling til saka, noko lagmannsretten stadfestar.

NRK har kontakta begge partar utan å få svar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL