NRK Meny

Kystvegen tapte vegkampen igjen

Frp, Høgre og Venstre føreslo å gjera kystvegen om til riksveg, men tapte igjen vegkampen på Fylkestinget i dag. Dei tre partia vil byggja ein stamveg som knyter kystregionane frå Bergen til Ålesund saman. Men kystvegen nådde ikkje opp då høyringsfråsegna frå Sogn og Fjordane fylkeskommune til Nasjonal transportplan blei vedteken onsdag føremiddag.