Kystvaktskip med kraftig slagside

Eit mannskap på 30 personar blei evakuerte etter at eit kystvaktskip fekk kraftig slagside. Skipet, som ligg i dokk på eit verft, blir truleg retta opp i løpet av dei neste dagane.

Redningsselskapet på plass

Kystvaktskipet «KV Barentshav» fekk søndag ettermiddag kraftig slagside då det låg til dokk ved Vegsund Slip i Sula kommune.

Foto: Redningsselskapet

Det var søndag 14.23 at politiet fekk inn varsel om at Kystvakta sitt skip, «KV Barentshav», hadde fått slagside på fem til ti grader ved Vegsund Slip i Sula utanfor Ålesund. Det blei raskt sett i gang med evakuering.

– Skipet har kraftig slagside, sa operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Sindre Molnes, til NRK klokka 14.50.

– Skipet har stabilisert seg

Skipet er eigd av reiarlaget Remøy Managment i Fosnavåg og har sidan 2009 vore innleigd av Forsvaret til kystvaktbruk.

Kystvaktskipet «KV Barentshav» på Vegsund slip

Skipet blir truleg retta opp tysdag eller onsdag, opplyser reiarlaget.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Dagleg leiar, Even T. Remøy, seier at dei jobbar for å rette båten på ein trygg måte. Søndag blei det meldt at det truleg ville bli leigd inn spesialistar frå utlandet for å handtere situasjonen. Måndag opplyser Remøy at dette ikkje lenger er eit behov, då skipet har stabilisert seg.

– Skipet blir forhåpentlegvis retta opp tysdag eller onsdag. Det er ein del utstyr som må på plass først, så skipet blir klargjort i dag. Jobben ser enklare ut enn det vi først frykta, seier han.

Remøy opplyser vidare at dei har vore om bord i skipet, og at ein så langt ikkje har sett teikn til skader.

– Dei som var om bord sa at båten seig til eine sida, så det har ikkje vore eit stort smell ut frå det vi veit.

Båten kosta 300 millionar kroner å bygge for 10 år sidan. Personar frå reiarlaget, skadespesialistar og forsikringsselskapet er på staden. Både skipet, verftet og dokka er, ifølgje Remøy, forsikra. Det er så langt uklart kva som var årsaka til at skipet fekk slagside.

– Det er truleg noko med dokka, men det finst ingen konkludere per no. Vi må gå gjennom alle system først, seier Remøy.

Kystverkskip med slagside på Vegsund slip

30 personar måtte evakuerast frå kystvaktskipet.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

30 evakuerte

Det var eit mannskap på rundt 30 om bord i kystvaktskipet då det fekk slagside og alle blei raskt evakuerte. Ingen av dei 30 er meldt å ha kome til skade, opplyste politiet i ei pressemelding.

– Vi veit ikkje noko om årsaka til at dette har skjedd. Skipet er stabilisert, men politiet vil likevel vere til stades, sa innsatsleiar frå politiet, Lars Lundemo til NRK sin reporter på staden søndag-

Politiet sa tidleg at det var uvisst om båten kunne komme til å søkke, men ifølgje Geir Larsen om bord i redningsskøyta «Det Norske Veritas 2» var det ikkje fare for det i og med båten ligg i dokk.

– Skipet ligg inn i sida på dokka. Vi er her i beredskap og held andre båtar unna og så arbeider verftsmannskap med å få rette opp båten, sa Larsen søndag ettermiddag.

Kystvaktskipet «KV Barentshav» ved Vegsund Slip

Brannvesenet og ambulansearbeidarar rykte ut til Vegsund Slip.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Rutinemessig arbeid

Skipet har ligge i dokk sidan 3. juni og det føregjekk arbeid på båten søndag. Brynjar Stordal, som er pressetalsmann ved Forsvarets operative hovudkvarter, seier at det vart gjort rutinemessig arbeid på fartøyet.

– Dette er ei uønskt hending og så får vi finne ut etter kvart kva som har skjedd. Vi er svært nøgde med at ingen personar blei skadde, seier Stordal. Per no er han ikkje kjend med at det er skader på båten.

– Vi skal no få kontroll på dei eventuelle materielle skadane og få kontroll på fartøyet så snart som mogleg, seier Stordal.

Arbeidet med å sikre og undersøke skipet vil halde fram måndag.