I dag tidleg var planen til Stian Røyset at han skulle flytte båten sin som ligg i ein bøye på sjøen like ved sjukehuset i Ålesund. Men han oppdaga at uveret i løpet av natta hadde blese av kalesjen og båten var full av regna. Røyset frykta at båten skulle gå ned.
– Eg gjorde meg klar til å ro ut og flytte den, men eg turte ikkje fordi det blåste så valdsamt, fortel båteigaren.
LES OGSÅ:
I naudhamn
Tilfeldigvis dukka Kystvakta opp i nærleiken og Røyset fekk ein impulsiv ide. Han ringde til Forsvaret og spurte om dei hadde kapasitet til å hjelpe han. Mannskapet om bord i Kystvakta var ikkje seine å be og sette ut ein lettbåt for å hente den fortvila båteigaren. Dermed fekk han løyst fortøyninga og plassert båten i naudhamn.
– Eg var litt skjelven. Det var hell i uhell at dei kom. Eg såg for meg at båten kom til å gå ned, seier ein glad Røyset.
Sterk vind
Han trudde vinden skulle vere mykje svakare på formiddagen, men Kystvakta kunne fortelje at dei hadde målt 33 meter i sekundet i Ålesund sentrum.
– Eg var så glad då dei berga båten min at eg ville betale dei, men det var ikkje naudsynt, seier Røyset. Neste gong det vert meldt uver, bedyrar båteigaren at han skal vere tidlegare ute med båtflytting.