Skjervøy-effekten
Partiet håper å stele veljarar frå Senterpartiet og ikkje minst frå KrF, seier fylkesleiar Roar Korsnes.
Korsnes håper at KrF sine problem i Skjervøy i Troms vil kunne gi ein dominoeffekt også i Møre og Romsdal. Han seier at fleire KrF-medlemmar her i fylket har tatt kontakt etter det som har skjedd i Troms.
I tillegg meiner Korsnes at partiet kan vinne veljarar frå Senterpartiet.
- Ein del bøndar er misfornøgd med Senterpartiet sin landbrukspolitikk, seier Korsnes
- Nei til sal av Noreg
Kven som blir Kystpartiet sin frontfigur til stortingsvalet i Møre og Romsdal neste år er førebels ikkje klart. Men nominasjonsprosessen er i gong og truleg blir listetoppen avgjort før 1.desember.
Einar Ebbesen frå Vanylven har vore Kystpartiet sin mest profilerte politiker dei siste åra. Han meiner at satsinga på distrikta blir ein fanesak.
- Vi er det einaste partiet som har programfesta eit Nei til slag av Norge. Sidan 1990 er det blitt seld ut 1838 bedrifter, og det uroar meg veldig, seier Ebbesen.