Ei rekkje kyrkjer i Møre og Romsdal opnar dørene for folk i dag og i morgon, i samband med katastrofen i Søraust-Asia:
Molde domkyrkje
Nyårskvelden: Opa kyrkje kl. 22. Meditasjon og bøn. Fellesgudsteneste med Bolsøy kl. 23.
1. nyårsdag: Opa kyrkje kl. 16-18. Sørgemusikk og høve til samtale med prestar og diakonar.
Vestnes kyrkje
Nyårskvelden: Opa kyrkje frå kl. 10. Innbyggjarar frå Søraust-Asia er spesielt velkomne.
Grytten kyrkje, Rauma
Nyårskvelden: Opa kyrkje frå kl. 22, i forkant av midnattsmessa. Lystenning og bøn.
Ålesund kyrkje
Nyårskvelden: Opa kyrkja kl. 20.Forbønsgudsteneste kl. 21.
Borgund kyrkje, Ålesund
Nyårskvelden: Opa kyrkje kl. 10-15 og kl. 19-22. Kveldsmesse kl. 21, der unge vil tenne lys og bere fram forbøner for alle som er berørt av ulukka. Kollekt til Kirkens Nødhjelp.
1. nyårsdag: det høgtidsgudsteneste med lystenning og forbøn etter ulukka. Kollekt til Kirkens Nødhjelp.
Ellingsøy kyrkje, Ålesund
Nyårskvelden: Gudsteneste kl. 16. Opa kyrkje til kl. 00.30.
1. nyårsdag: Gudsteneste kl. 11. Opa kyrkje til kl. 22.
Langevåg kyrkje, Sula
1. nyårsdag: Opa kyrkje kl. 17-19. Lystenning og meditasjon.
Brattvåg kyrkje, Haram
Nyårskvelden: Opa kyrkja kl. 21-22. Lystenning og musikk.
Vatne kyrkje, Haram
1. nyårsdag: Opa kyrkja kl. 15-16. Gudsteneste kl. 16.
Stranda kyrkje
Nyårskvelden: Opa kyrkja kl. 20. Lystenning.
Sunnylven kyrkje, Stranda
Nyårskvelden: Fakkeltog frå Samfunnshuset kl. 20.30, via Omsorgssenteret til kyrkja. Lystenning, forbøn og kollekt.
Sykkylven kyrkje
Nyårskvelden: Forbønsgudsteneste kl. 22. Kollekt til Kirkens Nødhjelp.
Ålesund Frikirke
1. nyårsdag: Jule- og nyttårsfest kl. 17 med forbøn og lystenning.
Andre arrangement
I Valldal i Norddal kommune blir det fakkeltog kl. 17 i dag.