Hopp til innhold

Slik vert 22.juli markert i Møre og Romsdal

Kyrkja er den som tek seg av minnemarkeringa for 22. juli i Møre og Romsdal. Ungdomane som opplevde Utøya i fjor dreg tilbake til øya søndag.

Molde domkirke

Alle kyrkjene er oppmoda om å markere eittårsdagen for 22. juli. I Molde vert det ei spesiell gudsteneste søndag.

Foto: Norsk kirkeleksikon / Kjell Langmyren

Biskop i Møre, Ingeborg Midttømme

Biskop i Møre, Ingeborg Midttømme meiner kyrkja er viktig i markeringa av 22. juli.

Foto: Tore Meek / Scanpix

– Vi har oppmoda kyrkjene som er direkte berørt av terrorhandlinga, eller dei som kjenner at dei vil markere 22. juli på ein spesiell måte, om å gjere det, seier biskop Ingeborg Midttømme.

Bispemøtet har sendt ut forslag til tekstar og salmar som kan brukast den spesielle dagen. Tekstane handlar om fred, håp og kjærleik.

I Molde domkyrkje vert det ei spesiell minnegudsteneste der stortingspolitikarane frå fylket er invitert saman med Fylkesmannen. Else-May Botn (Ap) skal lese tekst og Bjørn Inge Ruset og distriktssekretær Rune Opstad skal vere forbedarar.

Strøymde til kyrkja

Midtømme trur at også at andre enn dei som går til kyrkja til vanleg, vil kome på gudsteneste rundt om i kyrkjene søndag. I fjor oppsøkte mange ferierande kyrkja som var nærast.

Ho meiner at kyrkja er viktig i minnemarkeringa.

– For eitt år sidan var alt kaotisk og ingen visste kva som hadde skjedd. Då var kyrkja staden som hadde plass til sorga, angsten og nauda. Kyrkja var ein stad der ein kunne sitje stille og finne ro og fred, og slik har det vore gjennom heile året, seier biskopen.

30 dreg til Utøya

Astrid Eide Hoem

Rundt 30 ungdomar frå Møre og Romsdal AUF dreg til Utøya søndag.

Foto: Trond Vestre / NRK

For pårørande og etterlatne etter terrorhandlingane 22. juli er det ei eiga lukka markering på Utøya søndag. Seinare på dag har AUF eit arrangement.

Dei fleste av ungdomane frå Møre og Romsdal som var på Utøya i fjor, dreg tilbake dit i helga for å delta på AUF sitt arrangement.

– Vi blir rundt 30 personar frå vårt fylke, seier Astrid Eide Hoem. Ho er fylkesleiar i AUF og seier at dagen ikkje berre skal vere ei sørgjestund, men også dagen for å ta øya tilbake.

Ho gler seg til å kome tilbake dit og kjenne at der er trygt å vere, i motsetning til i fjor.

Avdukinga av minneplate

Rosetog i Kristiansund

Då Kristiansund kommune såg kor mange som møtte opp til rosetoget i fjor, fann dei ut at dei ville lage eit eige minnesmerke for 22. juli

Foto: Ken Alvin Jenssen

I Kristiansund har kommunen fått laga ei eiga minneplate som dei skal avduke søndag. Dei miste ingen av sine innbyggjarar 22. juli, men under rosetoget i fjor, såg dei kor mykje dei grufulle hendingane gjekk inn på folk, og bestemte seg for å lage eit eige minnemerke.

– Etter rosetoget i fjor komposterte vi rosene. Jorda skal no brukast til eit eige rosebed ved minneplata, seier Petter Ingeberg. Han er informasjonsleiar i Kristiansund kommune.

Det var 56 kommunar i landet som miste innbyggjarar etter terrorhandlingane 22. juli. 52 av desse har takka ja til eit minnemerke av granitt. I Møre og Romsdal gjeld dette Ørsta, Sula og Ålesund. Ingen av desse har avduking av minnemerket på sjølve 22. juli.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL