Faren har i ein sør-europeisk domstol fått foreldreretten til dei tre felles borna deira, men kvinna kjemper for å behalde dottera.
Bistandsadvokat Vidar Helgheim var fredag i møte med kyrkja og menigheitsrådet. Han vil helst ha ei løysing utanfor rettssystemet.
– Retssystemet er noko ein må gå til heilt til slutt dersom det skulle vere nødvendig. Difor er det ønskjeleg å få til ein dialog mellom dei to.
– Opp til mor og far
Kvinna sin bistandsadvokat, Vidar Helgheim, håper saka blir løyst utan at ein treng å gå via rettssystemet.
Foto: Hans Olav Landsverk / NRKKjetil Hjelset, leiar i menigheitsrådet i Spjelkavik kirke, prøver å skape dialog mellom mora og faren til jenta.
Foto: Hans Olav Landsverk / NRKKyrkja vil ikkje vere ein part i saka, men menigheitsrådet i Spjalkavik kyrkje håper dei kan bidra til ei løysing slik at mor og dotter kjem ut av kyrkjeasylet.
– I det vidare arbeidet vil vi først og fremst prøve å bidra til å skape kontakt og dialog mellom partane. Dersom vi kan lykkast med det, så er vi glade, seier leiar i menigheitsrådet i Spjelkavik kirke, Kjetil Hjelset.
Frå Møre bispedømme deltok rådgjevar Tore Johan Øvstebø på møtet fredag og han var klar på at saka bør få ei snarleg løysing.
– Frå biskopen si side er det framleis svært viktig at denne ska blir løyst av omsyn til barnet.
– Trur du det er mogleg å finne ei løysing?
– Det håper eg, men det er opp til mor og far og deira advokatar å finne ei løysing.