Hopp til innhold

Kygo kjem til Ålesund

Artisten Kygo kjem til Jugendfest i Ålesund. Den verdskjende DJen skal avslutte festivalen på Color Line-stadion.

Kygo
Foto: Roy Bjørge

Det stadfestar Ante Giskeødegård i Momentium overfor smp.no.

Den verdskjende DJen frå Bergen er blant anna kjent for låtane ‹‹Younger››, ‹‹Stole the Show›› og ‹‹Firestone››.

– Perfekt stjerne til stadionshow

Jugendfest har 10-årsjubileum neste år og flyttar frå Color Line-stadion til sørsida av Ålesund. Festivalen blir derimot avslutta på Color Line-stadion, med nettopp Kygo.

Terje Erstad i Momentium
Foto: Lise Kristin Valgermo / NRK

– I 2017 er Kygo ein av dei største artistane i verda, og er vel no den perfekte stjerna å ha på eit stort stadionshow, skriv pressesjef i Momentium, Terje Erstad, i ei pressemelding.

Sist Kygo var på Sunnmøre spelte han for 90 menneske på ein eksklusiv releasekonsert i Ocean Sound Recordings på Giske.

Kygo har blitt spelt meir enn ein milliard gonger på Spotify. Han har opptrådd på The Late Late Show With James Corden, Good Morning America, The Tonight Show Starring Jimmy Fallon og The Ellen DeGeneres Show. I 2016 spelte han under avslutningsseremonien i OL i Rio med låten «Carry Me (feat. Julia Michaels)».