Kvivsvegen på statsbudsjettet

Kvivsvegprosjektet er kome på statsbudsjettet for 2008 med ei startløyving på 20 millionar kroner. - Ein gledens dag, seier ordførar Ragnhild Aarflot Kalland i Volda.

Totalkostnaden på det 17 kilometer lange sambandet mellom Volda og Hornindal er 900 millionar kroner. Sambandet skal delvis finansierast av bompengar og skal etter planen vere ferdig i 2012.

Ordførar Ragnhild Aarflot Kalland seier at det er svært viktig både for Sunnmøre og Nordfjord at vi det no blir ein større bu-og arbeidsmarknad. - Det har vore gjort eit langt og tungt arbeid av mange, både politikarar og andre eldsjeler, seier ho.

Stortingsrepresentant Svein Gjelseth (Ap) seier at vi no ser resultatet av 126 års arbeid.