Kvivsvegen opnar for helsesamarbeid

Helse Sunnmøre og Helse Førde må samarbeide, meiner styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg.

Volda sjukehus

Sjukehuset i Volda må truleg dele funksjonar med sjukehus sør for fylkesgrensa når Kvivsvegen er eit faktum.

Foto: Helse Sunnmøre

Clara Øberg

Clara Øberg ser nye moglegheiter med Kvivsvegen.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Ho meiner Kvivsvegen gir nye moglegheiter for samarbeid mellom sjukehusa på Nordfjordeid og i Volda.

Fungerande administrerande direktør i Helse Vest, Helge Bryne, meiner eit samarbeid vil kome.

–Me må starte prosessen til hausten, ja. Det vil eg vere med og ta initiativ til, seier Bryne.

Fordeling av sjukehusfunksjonar

Det er Kvivsvegen som kan opne nye moglegheiter for helseføretaka. Styreleiar i Helse Førde Clara Øberg seier at helseføretaka i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre må samarbeide.

Ho meiner helseføretaka, eigarane Helse Vest og Helse Midt, departementet og regjeringa må inn i saka. Øberg påpeikar at ein ny veg fører til at ein må sjå på korleis tilboda mellom dei to sjukehusa skal fordelast.

Helge Bryne, viseadministrerande direktør i Helse Vest og styremedlem i Helse Førde

Helge Bryne vil ta initiativ til samarbeid over fylkesgrensa.

Foto: Pressebilete

Fungerande administrerande direktør i Helse Vest, og styremedlem i Helse Førde, Helge Bryne, er samd, men kan ikkje vere konkret om samarbeidet.

–Her må me byrje med blanke ark i forhold til Samhandlingsreforma, seier Bryne.

Må tenkje økonomi

Helseføretaka treng pengar. Dermed meiner Øberg at styra i helseføretaka på kvar side av fylkesgrensa må vurdere kva moglegheiter og utfordringar som kjem med ein ny veg. Ho trur Kvivsvegen opnar for ein heilt ny bu- og arbeidsmarknadsregion.