Hopp til innhold

Kvinner har lita tid for politikk

Kvinner har like stor vilje som menn til å delta i lokalpolitikken. Men ein ny rapport om politisk motivasjon viser at det er vanskeleg å få kvinner til å stille på listene. Dei opplever at tida ikkje strekk til.

Video Kvinner har ikkje tid til politikk

Kvinner er like opptekne av lokalpolitikk som menn viser rapporten. Likevel vegrar mange seg for å delta.

Lena Landsverk Sande

Lena Landsverk Sande trekkjer seg frå politikken.

Foto: Remi Sagen / NRK

Lena Landsverk Sande er kommunestyrerepresentant (V) og arbeider som rektor i Vanylven. Ho synest lokalpolitikk er svært interessant, men vil ut av den.

Ho søkte om fritak frå politiske verv, men fekk avslag og må vere med perioden ut.

- Når eg sit i eit politisk møte som varer frå klokka 10 til klokka 16, eller lenger, så forsvinn mange timar frå min arbeidsplass. Desse timane må eg ta igjen etter at møtet er ferdig. Dette går på bekostning av dei heime fordi eg må ta med jobben heim.

Mannen til Lena, Ottar Sande, er lærar og bonde.

- Det er klart at også eg kjenner på tidspresset og at det er eit puslespel å få alt til å gå opp med tre born. Eg må ofte ta med borna i traktoren og ta dei med når eg skal ut å jobbe.

Anegalleri på rådhuset i Vanylven

Anegalleri på rådhuset i Vanylven

Foto: Remi Sagen / NRK

Det politiske anegalleriet i rådhuset i Vanylven går tilbake til tida før kvinnene fekk stemmerett her i landet.

Der er ikkje bilete av ein eianste kvinneleg ordførar, og no er berre 4 av 21 representantar i kommunestyret kvinner.

Kvinneunderskot

Vanylven lir av kvinneunderskot. 80 kvinner per 100 menn forklarar kanskje litt av problema med kjønnsbalansen i kommunestyret.

På landsbasis er vel 37 prosent av representantane kvinner. Kommunevalet i 2007 ga ny rekord.

Men signaleffekten kan vere viktig når dyktige kvinne trekkjer seg.

Lena Landsverk Sande har vore med å leita etter kvinner som vil stille i politikken, men seier at mange har lyst å vere med og kan stille opp - berre ikkje øverst på vallista.

- Kvinnene må backast opp meir enn mennene, trur ho.

Kommunalminister Liv Signe Navarsete seier det no er på tide at kvinnene får sin plass i politikken, hundre år etter at stemmeretten for kvinner blei innført for 100 år sidan.

- Eg vil ikkje sei at noko har gått gale, for det har tross alt gått rett veg. Det tok berre for lang tid før kvinnene kom inn i politikken for alvor. Målet no må vere å få fleire kvinner inn på toppen av politikken, seier Navarsete.

Video Mangel på kvinnelege toppolitikarar

Kommunalminister Liv Signe Navarsete ønskjer fleire kvinnelege toppolitikarar